vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Min renovasjon app


Ønskjer du påminning om når du har tøming av behaldarane dine?

Min Renovasjon er ein app laga for smarttelefonar. Her har du høve til å legge inn varsling slik at du kan få melding dagen før eller på tømedag. 

Appen viser også tømekalender, sorteringstips, returpunkt, miljøstasjonen og du kan sende oss melding via appen.

Appen er laga av Norkart, og inneheld fleire kommunar i Noreg, blant anna Volda og Ørsta.

Last ned Min Renovasjon-appen gratis ved å trykke på desse knappane under (Min renovasjon er ikkje tilgjengeleg for Windows telefonar):

appstore_buttonandroid_button

Slik brukar du appen:
 
Smarttelefonappen Min Renovasjon har fire hovudfunksjonar:
  • Tømekalender
  • Sorteringsinformasjon
  • Returpunkt
  • Miljøstasjon
  • Melding til VØR
Nedanfor står det steg for steg korleis ein legg inn adresse for å få opp informasjon i appen. Får du beskjed om at appen vil sende deg push-varsel, må du godta dette for å kunne bruke varslinga i appen.

Min renovasjon 1


1. Når du startar appen, vil du komme til startskjermen som du ser på skjermbiletet til høgre.

Første gong du bruker appen må dy legge inn ei adresse. Trykk på det grønne pluss-teiknet oppe til høgre.










Min renovasjon 2


2. Vel den kommuna du bur i.

Du kan søke den opp i det heilt øverste feltet eller trykke på den i lista som kjem opp.












Min renovasjon 3



3. Du vil no få eit nytt val, her skriv du inn gateadresse eller gards- og bruksnummer.

Gards- og bruksnummer skrivast slik: 25/248 (gardsnummer først).

Finn du di adresse, trykk på denne.

Finn du ikkje di adresse, ta kontakt med VØR så kan vi hjelpe deg å finne ei midlertidig adresse som tilsvarar dine hentedagar.






Min renovasjon 4


4. Her er oversikta over dei forskjellige modulane i appen.

Tømekalender viser dei to neste hentingane på oppgitt adresse. Her kan du også legge til varsling.

Sortering viser sorteringsinformasjon.

Returpunkter viser kart kvar behaldarane for glas- og metallemballasje står, klescontainerane til UFF og Fretex i Volda og Ørsta (kan zoomast inn og ut).

Miljøstasjonen viser info med opningstider, prisar og kart.

Melding viser ulike type meldingar du kan sende til oss. Dersom behaldaren din for eksempel ikkje har vorte tømt, kan du melde det inn via appen.


Min renovasjon 5



5. For å legge til ei varsling må appen ha tillatelse til å sende push-varsel.

Du kan velje når du vil ha varslinga, dagen før eller om morgonen på tømedagen. Du vil då få ei varsling på telefonen som minner deg på hentedagen.

Merk at det kan vere lurt å oppdatere appen til nyaste versjon jamleg, slik at varslinga fungerer optimalt. Appen er også avhengig av at ein har slått på mobildata eller har på trådlaust nett på varslingstidspunktet for at det skal fungere.




Nyare oppdateringar fra Samsung inkluderar noko som heiter “Appoptimering" som gjer at den blokkerar alarmar for appar. Dersom du har problem med at du ikkje får varsel på Samsung telefonar, kan du gjere følgjande:

1. Velg app: Smart Manager
2. Velg Kategori: “Batteri”
3. Under Appoptimering, velg “INFO”
4. Deaktiver funksjonen appoptimalisering for Min Renovasjon



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender