vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Hytte og fritidshus


Volda og Ørsta kommunar er store hytte- og fritidshuskommunar, og etterspurnaden etter avfallshandtering vert stadig større. VØR meiner det er gledeleg at hyttebrukarar tek avfall på alvor, og vi arbeider stadig for å kunne tilby betre løysingar for denne typen kundar.



Renovasjon


Volda og Ørsta kommunar har innført tvungen kommunal renovasjon for fritidseigedomar. Etter § 3 b i forskriftene gjeld dette alle hus eller hytter utan fast busetnad, med innlagt straum, og i ein avstand til offentleg veg på mindre enn 1000 m. 

Det er også eit vilkår at fritidshuset ikkje vert brukt over 4 månader i året, og ein kan ikkje ha fast bustadadresse ved eigedomen. Dersom ein eigedom er i bruk meir enn 4 månader i året, vert eigedomen rekna som vanleg bustadhus.

Vi har tre ulike løysingar for hytte / fritidshus:

  1. Felles renovasjon
    Vi har felles konteinar på ulike områder i kommunane.

  2. Behaldar til restavfall
    Ein har 15 tømingar av dunken i året og dunken skal setjast fram ved vegkanten på hentedag.

  3. Behaldar til restavfall og papir
    Ein har 15 tømingar av dunkane i året og dunkane skal setjast fram ved vegkanten på hentedag. 
Aktuelle hentedager for løysning 2 og 3 finn ein i tømeplanen på framsida.

Oversikt felles kontainerar for fritidshus i Ørsta og Volda

Kart fritidshus returpunkt 2018
Ørsta
  1. Trandal: Ved krysset mot Ytre og Indre-Trandal
  2. Festøy: Ved ferjekai mot Standal
  3. Standaleidet: Ved parkering Alpehyttene
  4. Follestadal: Ved reinseanlegget Grøthaugen
  5. Vatne: Ved off. toalett - badeplassen
  6. Bondalseidet: På den store parkeringsplassen til skisenteret ved vasskummen
  7. Bondalen: Ved hyttefelt Eidet
  8. Slettedal: Ved bom Rognestøyldalen
  9. Leknes: Ved ferjekai
  10. Øye: Ved brannstasjonen
  11. Rjånes: Ved gamle ferjekai
  12. Nipevegen
  13. Sørheim/Steinnes: I krysset Eiksundsambandet/Sørheim/Steinnes

    Volda

  14. Lauvstad: På kaia ved butikken
  15. Indre Dalsfjord: Ved Marine Harvest sitt bygg i Steinsvik mot sør
  16. Folkestad: Ved Folkestadtun, nedgravne løysingar
  17. Bjørkedal: Ved Statens Vegvesen garasje mot Stigedalen
  18. Austefjord: Aarset – ved teknisk anlegg tunell
  19. Austefjord: På Aurstad Camping
  20. Aldalen: Ved hytter Hanebakken
  21. Kalvatn: I krysset Kvivsveg – veg mot Bjørke

vor_last_ned_knapp_74x18px Brosjyre renovasjon fritidshus

Når det gjeld anna avfall som papp/papir, plast og drikkekartongar har ein høve til å levere dette fritt på Miljøstasjonen i Hovdebygda som vanleg. Miljøstasjonen tek også i mot anna avfall, som feks. metall, hageavfall, elektrisk avfall og farleg avfall.

Opningstider for miljøstasjonen finn du her.

Slam


Etter gjeldande slamforskrifter § 14 er det tvungen slamtøming for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank for slam. For fritidsbustader/hytter med slamavskiljar, er det krav til tøming ein gong kvart fjerde år. Kostnaden med tøminga vert då fordelt på dei 4 åra mellom tømingane.

Tette oppsamlingstankar skal tømast i god tid før dei er fulle, og minst ein gong kvart år. Prisar på renovasjon- og slamavgifter finn du i prislista

VØR håper på eit framleis godt samarbeid med hyttefolk og fritidshuseigarar, slik at alle får ta del i dei flotte naturopplevingane som kommunane våre har å by på!



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender