vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Er du nyinnflytta i Volda eller Ørsta?


Velkommen til Ørsta og Volda kommunar og som ny abonnent hos Volda og Ørsta 
Reinhaldsverk IKS!

Alle husstandar i kommunane har plikt til å levere avfall og kvar enkelt bueining / husvere skal vere registrert med eitt renovasjonsgebyr. Med dette som utgangspunkt, har du høve til å velje den type abonnement som passar deg og husstanden din best.



Eit standard renovasjonsgebyr inneheld:

  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for restavfall. Tøming kvar 2. veke.
  • 1 x 140 liter avfallsbehaldar for papir/papp/kartong + plast (i eigen sekk). Tøming kvar tredje veke.
Skulle det vere behov for større behaldar, auka hentefrevens eller samarbeidsavtale for eit sameige, kan du lese meir om dette i prislista.

Tips før henting 

  • Behaldarane må vere framsett seinast kl 06.00 på tømedag. Det kan vere lurt å sette fram behaldarane kvelden før, så er du sikker på at den står framme tidsnok.
  • Restavfallet skal vere emballert i pose og ikkje ligge laust i avfallsbehaldaren.
  • Brettar du pappen får du betre plass.
  • Plastsekken skal opp i papirbehaldaren.
  • Avfallsbehaldarane skal stå 1 - 3 meter frå vegkanten, ha fri tilgang og med ein avstand på 20 cm mellom behaldarane.
  • Ingen overfylte behaldarar - loket skal vere på ved tøming!

Plastemballasje


Dersom plastemballasjen skal kunne brukast til gjenvinning er det viktig at den er heilt ren. Skyl skiten plast i kaldt vatn og la den tørke før levering. Bruk gjerne oppvaskbørste på vanskelege flekkar. Går ikkje dette, gjer plasten betre nytte i restavfallet. Vi leverer ut sekkar til plastemballasje éin gong i året. Du får fleire sekkar gratis dersom du går tom. Sekkar bestiller du her.

Du kan lese meir om forskriftene for kommunal innsamling av avfall her.



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender