vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Spørsmål og svar




Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender

Korleis bestiller eg behaldar for glas- og metallemballasje
Medfører ingen gebyrauke Ved bestilling, gje opp namn og adresse/gards- og bruksnummer. 

Einebustader får ein behaldar på 140 liter, og sameige får behaldar på 240 liter. Innsamlinga vert sett i verk frå januar 2016. Behaldarane vert tømt kvar 10. ande veke.
Kva gjer eg med asbest?
Vi tek i mot asbest frå privat hushaldningar kostnadsfritt på miljøstasjonen. Av omsyn til det miljøfarlege støvet er det strenge reglar for levering/mottak. Asbesten skal pakkast i 2-lags plast (tjukkelse 0,2 mm bygningsplast). Plasten må teipast godt igjen slik at støv ikkje kjem ut. 
Dersom det er større mengder med asbest, må det pakkast på ein pall. Ved bruk av palle er det fint om det leggast ei papplate på pallen før asbesten leggast på. Da unngår vi at det blir hol i plasten når pallen skal løftast av hengaren. Pallar får du på miljøstasjonen.
Behaldaren min vart ikkje tømt
Ta kontakt med oss på telefon eller send inn melding via kontaktskjema. Vi treng å vite: 
  • Kva kommune du bur i
  • Adresse
  • Telefonnummer
  • Kva slags type avfall som ikke er blitt tømt (restavfall, plast eller papiravfall)
Avfallsbehaldaren min er full
Dersom renovatøren ikkje har tømt behaldaren din som avtalt, tar du kontakt med oss og så ordnar vi dette. Dersom behaldaren ofte er full grunna for mykje avfall, kan du enten bestille ekstra tøming, større behaldar eller kjøpe merka sekk til ekstra restavfall. Dette er ekstratenester som du betalar for.
Eg har selt eigedomen min, kva gjer eg med behaldarane?
Behaldarane følgjer eigedomen og skal stå att til ny eigar. Renovasjonsgebyret vert automatisk overført til ny eigar etter tinglysing. Hugs å seie opp evt. avtalegiro eller e-Faktura.
Behaldaren min er øydelagt
Ta kontakt, så vil vi bytte (evt reparere) behaldaren i løpet av ei vekes tid. Denne servicen vert dekt av renovasjonsgebyret.
Eg har ikkje plass til plastsekken opp i papirbehaldaren
Dersom du ikkje har plass i papirbehaldaren til plastsekken under kvar tøming, kan du teikne eit plussabonnement der du får ein større behaldar. Det blir ingen auke i gebyret ved bestilling av større papirbehaldar. Du kan også levere plastsekken til miljøstasjonen kostnadsfritt.
Faktura
Kor mange faktura vert sendt ut i året?
Det vert fakturert 2 gongar per år for 1. halvår og 2. halvår med forfall mars og oktober.
Eg ønskjer avtalegiro / eFaktura, korleis ordnar eg det?
Kontakt banken dykkar for oppretting av avtale. eFaktura referanse og kid-nummer for oppretting av avtalegiro finn de på faktura. Har du andre spørsmål angåande avtalegiro / eFaktura, ta kontakt med oss.