vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

Renovasjonsforskrifter for Volda og Ørsta kommunar


Kommunale forskrifter for handsaming m.v av avfall og slamtøming

Vedteke av Ørsta kommunestyre i sak 90/17 den 14.12.2017 og Volda kommunestyret i sak 149/17 den 14.12.2017 i fylgje lov av 13. mars 1981 nr. 6 om vern mot forureining og om avfall (forureiningslova, frl) §§ 30, 31 og 34, 79 og 83.

Kapittel 1
§ 1. Mål for avfallssektoren
Forskrifta har som mål å arbeide for at avfall som oppstår vert handsama på ein trygg, kostnadseffektiv og miljørett måte i samsvar med nasjonal avfallspolitikk.

§ 2. Virkeområde
Denne forskrifta gjeld kjeldesortering, oppsamling, innsamling og transport av alle typar avfall og slam som kommunane sjølvpålagt, etter forureiningslova eller ved delegering fra overordna forureiningsmynde, er tillagt mynde over. Dette inkluderer farleg avfall frå hushaldningar og bedrifter dersom mengda ikkje overstig den grensa som til ei kvar tid gjeld i avfallsforskrifta.

Denne forskrifta omfattar alle registrerte grunneigedomar i Volda og Ørsta, inklusiv kvar enkelt seksjonerte del av bygning og kvar enkelt sjølvstendige brukseining i bygning. Også fritidseigedommar.

VØR avgjer i tvilstilfelle kva som reknast som sjølvstendig brukseining i bygning. VØR kan gi nærerare retningsliner for gjennomføring av avgjerdene i forskrifta.

§ 3. Definisjonar
a) Abonnement
Standard er abonnement med 1 stk. 140 l avfallsdunk for våtorganisk avfall (matavfall) med henting kvar 2 veke, 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 140 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 4. veke og henting av 1 stk 140 l avfallsdunk for glas og metallemballasje kvar 13 veke.

Standard pluss er abonnement med 1 stk. 140 l avfallsdunk for våtorganisk avfall (matavfall) med henting kvar 2. veke, 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 240 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 4. veke og henting av 1 stk 140 l avfallsdunk for glas og metallemballasje kvar 13. veke.

Kompostering er abonnement der det ligg føre særskild kontrakt med VØR om kompostering av alt våtorganisk og hageavfall som oppstår hos abonnenten. Slike abonnement har 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 140 I avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 4. veke og henting av 1 stk 140 l avfallsdunk for glas og metallemballasje kvar 13. veke.

Kompostering pluss er abonnement der det ligg føre srerskild kontrakt med V0R om kompostering av alt våtorganisk og hageavfall som oppstar hos abonnenten. Slike abonnement har 1 stk. 140 l avfallsdunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 240 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 4. veke og henting av 1 stk 140 l avfallsdunk for glas og metallemballasje kvar 13. veke.

Storhushald er abonnement med 1 stk. 140 l avfallsdunk for våtorganisk avfall (matavfall) med henting kvar 2 veke, 1 stk. 240 l dunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 240 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 4. veke og henting av 1 stk 140 l avfallsdunk for glas og metallemballasje kvar 13. veke.

Storhushald pluss er abonnement med 1 stk. 140 l avfallsdunk for våtorganisk avfall (matavfall) med henting kvar 2 veke, 1 stk. 240 l dunk til restavfall, med henting kvar 4. veke og henting av 1 stk. 340 l avfallsdunk til papp, papir, drikkekartong og plast i eigen returplastsekk, kvar 4. veke og henting av 1 stk 140 l avfallsdunk for glas og metallemballasje kvar 13. veke.

Samarbeid er abonnement med felles behaldar for våtorganisk avfall med henting kvar 2. veke, restavfall kvar 4. veke, papiravfall kvar 4. veke og glas og metallemballasje kvar 13. veke. Abonnentane kan velje mellom ulike storleikar av behaldarar. Kravet for å inngå delingsavtale er at eigedomane er naboar eller ligg i nærleik til kvarandre og at abonnentane seg imellom har avtale om reinhald og framsetting av dunkane. Ved tvil vert dette avgjort av VØR.

Nedgrave fellesrenovasjon er abonnement med oppsamling av avfall i nedgravne containerar.

Fritidsbustad er abonnement for dei med fritidshusvære enten dei har eigen avfallsbehaldar eller må Ievere avfallet i samleavfallsbehaldar for fritidshus/hytter.

Henteavtale er avtale mellom abonnent og VØR om henting, tøming og tilbakesetting av avfallsdunk på avstandar utover vegkanthenting.

b) Abonnementeining
Fritidsbustad er husvære utan fast busetnad, som ikkje vert brukt over 4 månader i året, med innlagt straum, og som ligg i regulert hytteområde eller i ein avstand til offentleg veg ikkje Ienger enn 1000 m i luftline. Ein kan ikkje ha fast bustadadresse ved eigedomen. Fritidsbustad er ikkje omfatta av § 10 c og d i denne forskrift.

Gebyreining/brukseining er husvære som er bygd eller ombygd til bruk for ein eller fleire personar og som har eigen inngang. Husværet kan anten vere leilegheit eller hybel. Ei gebyreining er ei leilegheit med fleire bruksrom dvs minst eit rom og kjøkken (eventuelt tekjøkken) og eigen inngang.

Hybel er 1/2-gebyreining/brukseining og er husvære utan kjøkken og er eit rom med eigen inngang, der det er tilgang til vatn og toalett.

c) Abonnent
Abonnent er eigar eller festar av eigedom som er tilslutta den kommunale renovasjonsordninga jf. forureiningslova § 34, fjerde ledd. Leigetakar/brukar av eigedom kan unntaksvis stå som abonnent/rekningsmottakar dersom dette vert avtalt mellom VØR og eigar. Eigaren er likevel økonomisk ansvarleg for uteståande gebyr leigetakaren/brukaren måtte ha overfor kommunen. Dersom eigedomen er festa vekk for minst 30 år, eller i dei høva festet kan forlengjast utover 30 år, skal festaren reknast som abonnent.

Leigetakar/brukar: Dersom leigetakar/brukar og abonnent ikkje er same juridiske person, er leigetakar/brukar sine plikter dei same som abonnenten sine plikter, med unnatak av det økonomiske forholdet til VØR.

d) Avfall
Avfall er lausøyregjenstandar og stoff som skal regnast som avfall i høve forureiningslova sin § 27 og Miljødirektoratet, heretter kalla MD sin vegleiar TA-2001/2003.

EE avfall (elektrisk og elektronisk avfall): Kasserte ee-produkt, det vil seie produkt som er avhengig av elektrisk straum eller elektromagnetiske felt for korrekt funksjon. MD avgjer i tvilstilfelle kva som er ee-produkt, jf avfallsforskrifta kap 1.

Farleg avfall (tidligare spesialavfall) er avfall som det ikkje er føremalstenleg å handtere saman med hushaldningsavfall eller næringsavfall fordi det kan medføre alvorleg forureining eller fare for menneske eller dyr. Døme på helse- og miljøfarleg avfall kan vere maling, spillolje, løysemiddel, plantevernmiddel og bilbatteri, jf forureiningslova § 27a tredje ledd og avfallsforskrifta kap.11.

Glas og metallemballasje: Glas eller metallemballasje fra hushaldningar.

Grovavfall, sjå restavfall.
 
Hushaldningsavfall er vanleg avfall frå private hushaldningar, medrekna større gjenstandar som inventar og Iiknande frå hushaldningar og fritidsbustader, jf forureiningslova § 27 andre Iedd og MD sin vegleiar TA-2001/2003.

Kompostering er biologisk nedbryting og stabilisering av organisk avfall med lufttilgang der restproduktet vert jord.

Næringsavfall er avfall frå offentlege og private verksemder og institusjonar, jf forureiningslova § 27 tredje Iedd og MD sin vegleiar TA-2001/2003.

Returplast er plastemballasje som kan gå til attvinning i eigen returplastsekk som VØR Ieverar ut kvart år til alle abonnentar.

Restavfall er avfall som vert igjen etter kjeldesortering eller sentralsortering av hushaldnings- eller næringsavfall.

Risikoavfall er sprøytespissar, bandasjar og anna smittefarleg avfall fra helseinstitusjonar/kontor mv. 

Våtorganisk avfall er lett nedbrytbart avfall av animalsk eller vegetabilsk opphav, slik som matavfall, hageavfall og planterestar.

e) Oppsamlingseining
Avfallsbehaldar/avfallsdunk/fellescontainer/nedgravne anlegg er ei oppsamlingseining for avfall som VØR stiller til rådvelde for abonnentane. VØR kjøper, leverer ut og eig avfallsbehaldarane. VØR skiftar ut avfallsbehaldarane når det er naudsynt. Nedgraven løysing føreset avtale med VØR, jf. § 2. tredje ledd.

Det må berre nyttast avfallsbehaldarar tildelt/godkjent av VØR. Avfallsbehaldarane er registrert på den einskilde eigedom og skal ikkje flyttast ved endringar i eigar eller festetilhøve.

Avfallssekk er 100 liter svarte sekkar merka med VØR-Iogo. Slike godkjende avfallssekkar kan kjøpast hjå VØR og nyttast som ekstrasekk ved avfallstoppar.

Returplastsekk er gjennomsynlege sekkar som abonnentane skal bruke til å ha rein og tørr emballasjeplast i for attvinning. VØR leverar slike sekkar ut for eit år om gongen.

f) Sortering
Bringeordning er eit kjeldesorteringssystem der abonnenten sjølv bringer sitt kjeldesorterte avfall til ein mottaksplass t.d. returpunkt eller miljøstasjon.

Henteordning er eit kjeldesorteringssystem der kjeldesortert avfall vert henta av godkjent innsamlar så nær kjelda som praktisk råd.

Kjeldesortering er når abonnenten eller annan avfallsprodusent held visse avfallstypar fraskilt og !egg desse i særskilde oppsamlingseiningar eller bringer dei til tilviste mottaksstader.

Returpunkt er lokalt ubemanna oppsamlingsstad der publikum kan levere/sortere ein eller fleire avfallsfraksjonar.

Miljøstasjon/gjenbruksstasjon er eit spesielt tilrettelagt område med organisert oppsamling av separert avfall. Alle gjenvinnbare fraksjonar kan leverast på miljøstasjonen i tillegg til restavfall og farleg avfall.

g) Slam
Tvungen slamtøming er ei ordning for tøming av slamavskiljarar og tette tankar og gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank.
 
h) VØR
VØR er Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS som Volda kommune og Ørsta kommune har gitt delegert ansvar i eigen selskapsavtale til å drive med innsamling, sortering og transport av avfall og slam i medhald av forureiningslova § 30, §34 og § 83. VØR har eigedomsretten til avfall som vert samla inn av eller til VØR.

§ 4. Kommunal innsamling av avfall
Kommunane har med grunnlag i forureiningslova § 30 1. ledd innført tvungen renovasjon for hushaldningsavfall. Alle eigedomar der det går føre seg aktivitet som fører til at det oppstår hushaldningsavfall, vert omfatta av tvungen renovasjonsordning. Tvungen kommunal renovasjon gjeld også for fritidseigedomar.

lngen må samle inn hushaldningsavfall, irekna papp, papir, drikkekartong, plast og andre avfallstypar til gjenvinning, utan samtykke frå kommunane.

Det er ikkje tillate a brenne hushaldnings-, nærings-, eller farleg avfall anna enn i særskildt godkjende forbrenningsanlegg. Det er heller ikkje tillate å grave ned eller kaste hushaldningsavfall. Hageavfall og anna våtorganisk avfall kan etter avtale komposterast på eigen eigedom.

For a sikre best mogleg økonomisk, ressurs- og miljømessig handtering av avfallet, er abonnenten pliktig til å gjennomføre dei sorterings- og leverings-ordningar av avfallet som VØR til ei kvar tid gjer vedtak om.

Det er ikkje tillate å Ievere risikoavfall fra helseinstitusjonar innblanda i anna hushaldnings- eller næringsavfall. Dette avfallet skal kjeldesorterast og leverast separat til godkjent mottakar t.d. godkjende handsamingsanlegg for slikt avfall ved større helseinstitusjonar eller destruksjon ved godkjende mottakarar for slikt avfall. VØR si innsamlingsordning vil ikkje gjelde patologisk avfall.

Med grunnlag i § 11-10 i avfallsforskrifta, tilbyr VØR mottak av farleg avfall fra hushaldningar. Denne fraksjonen skal leverast til dei utplasserte mottaka for slikt avfall eller miljøstasjon. Verksemder med mindre mengder spesialavfall kan og nytte seg av den kommunale ordninga ved å Ievere avfallet ferdig deklarert på miljøstasjonen.

§ 5. Avfall som ikkje er omfatta av kommunal innsamling
a) Farleg avfall frå verksemd med meir enn 1000 kg spesialavfall/år.
b) Næringsavfall, jf. §3 d. 7.ledd.
Den som har farleg avfall og næringsavfall er eigar av avfallet, og må sjølv syte for å bringe dette avfallet til godkjent avfallsanlegg eller til anna godkjend handsaming. VØR eller kommunen vil gi opplysningar om kvar slikt avfall kan/skal leverast.

§ 6. Heimekompostering av våtorganisk avfall og hageavfall.
Hageavfall bør så langt det er råd komposterast i eigen hage, alternativt leverast til miljøstasjonen.

Abonnentar med nok hageareal, har høve til å heimekompostere våtorganisk avfall og hageavfall. Kommunestyra kan i slike høve gje redusert gebyr etter nærare avtale med VØR. I avtalen vert det fastsett krav til drift av heimekomposteringa, m.a. at komposteringa skjer på ein hygienisk tilfredstillande måte, som ikkje tiltrekkjer seg skadedyr, gjev sigevatn, vond lukt eller verkar sjenerande for omgjevnadene. VØR vil gi rettleiing om drift av kompostbingen, og føre kontroll med at godkjende bingar og avtale med VØR vert fylgd. Abonnenten må skaffe seg kompostbinge for eiga rekning.

Ved brot på vilkåra i avtalen, kan VØR seie han opp og påleggje abonnenten å Ievere avfallet i samsvar med § 4 og § 12 i denne forskrift.

§ 7. Oppsamlingseining og plasseringa av denne
a) Oppsamlingseininga
 
Oppsamlingseining er den til ei kvar tid godkjende avfallsbehaldar/sekk for innsamling av hushaldningsavfall utlevert av VØR. Abonnenten/brukar er pålagt å notere nummeret på oppsamlingseininga og opplyse om dette når han tek kontakt med VØR i høve avfallsordningane.

Abonnenten er ansvarleg for reinhald av behaldarane. Behaldarane skal berre nyttast til avfallshandtering i samsvar med denne forskrifta. Ved annan bruk av behaldarane enn avfall i samsvar med denne forskrifta, er VØR utan ansvar for skade eller tap av innhaldet. Ved misbruk/aktløyse som skadar behaldaren skal abonnenten betale kostnaden med ny behaldar. Ved kjeldesortering av avfall til materialgjenvinning kan VØR dele ut fleire avfallsbehaldarar til same abonnent.

For rekkjehus, blokker, seksjonerte eigedomar, fritidshus, burettslag og liknande kan desse bruke felles behaldar eller nedgraven container. Reinhald, framsetting m.m. er desse brukarane sitt ansvar. Reinhald av fellescontainerar for fritidshus og nedgravne anlegg er VØR sitt ansvar. Reinhald rundt nedgravde anlegg er brukarane sitt ansvar.

Abonnenten/brukar pliktar a setje rett avfallsbehaldar fram til hentestad innan kl. 06.00 på tømedagen for å ha krav på innsamling. VØR driv innsamling mellom kl. 06.00 og 22.00. Abonnenten/brukaren er ansvarleg for at avfallsbehaldaren ikkje valdar skade ved at han kjem på avvegar frå oppstillingsplass eller hentestad.

Abonnenten/brukaren skal bringe avfallsbehaldaren tilbake fra hentestad til oppstillingsplass same dag som den er tømt.

Abonnenten/brukaren er ansvarleg for at behaldaren vert handsama med varsemd og halden rein i samsvar med krav fra helseansvarlege myndigheiter. Hushaldningsavfallet skal vere emballert t.d. i plastnett før det blir plassert i avfallsdunken.

Alt avfall som vert sett fram for tøming skal liggje i godkjent oppsamlingseining som ikkje er fylt meir enn at loket kan latast heilt tett til. Dette for at hygieniske ulemper ikkje skal oppstå. Avfallet må ikkje pakkast fastare enn at behaldaren lett kan tømast. På vinterstid er brukaren ansvarleg for at avfallet ikkje er frose fast og dermed ikkje let seg tøme.

Ved avfallstoppar må abonnentane sjølv skaffe seg tilstrekkjeleg kapasitet til avfallet sitt t.d. ved ekstrasekkar. Ved gjentatt overfylling av dunken, kan VØR påleggje den enkelte abonnent større avfallsdunk og dermed høgare gebyr, jf. § 12.

Når ein nyttar avfallssekk skal denne sikrast mot fuglar og dyr ved naudsynte tiltak som nett o.l. Sekkar som vert framborne eller leverte til sentrale oppsamlingseiningar skal vere knyta att. Vekta på sekken skal ikkje vere over 20 kg. Vekta på avfallsdunken ikkje vere over 30 kg/140 l behaldarvolum. Tap av dunk/oppsamlingseining pliktar abonnenten å melde snarast til VØR. VØR kan påleggje abonnenten å nytte alternative oppsamlingseiningar for å få til ei forsvarleg innsamling og handsaming av avfallet.

Returplastsekken skal på hentedag knytast att og plasserast opp i dunken for papir og pappavfall. Eventuell prising av ekstrasekkar vert fastsett av kommunestyret i samband med sak om gebyrregulativ.

b) Behaldarar for fritidsbustad.
VØR plasserer ut felles avfallscontainerar og syter for naudsynt reinhald, inklusiv av hentestad og oppstillingsplass. Fritidsbustad med eigne avfallsbehaldarar vert å regulere etter § 7 a. Avfallsbehaldarar som er utplasserte og merka med fritidsbustad, skal berre nyttast av brukarar av fritidshusvære.

c) Veg/hentestad
Hentestaden skal vere ved køyreveg, og vert fastsett av VØR. På hentestad skal avfallsbehaldarane stå lett tilgjengeleg på eit flatt og fast underlag i bakkenivå fritt frå portstolpar og liknande inklusiv med fri høgde for innhenting med mekanisk arm. Avfallsbehaldarane skal på hentedag stå i ein avstand 1-3 m fra vegkant (vegkanthenting). Tilkomsten skal vere fri for hindringar som kan gjere tøminga vanskeleg, slik som tersklar, trappetrinn, parkerte bilar osb. Der fleire dunkar står i lag skal avstanden mellom dunkane vere minst 30 cm.
 
Køyreveg kan vere både privat og offentleg veg. VØR har rett til å stille krav til vegstandard, vedlikehald, tilkomst og utforming av vegane som vert køyrde. Køyreveg som skal brukast i samband med renovasjonsordninga skal anten ha snuplass for stor bil, eller vere gjennomgåande, og renovasjonsbilane skal kunne køyre henterutene på ein lovleg og forsvarleg måte. Godkjend bilveg skal minst ha ei breidde på 3,0 m køyrebane, ei fri høgde på minst 4,0 m, styrke til å tole eit akseltrykk på minst 8,0 tonn og kurvatur og stigning tilsvarande vegklasse 4 i normalar for landbruksvegar. For å kome fram til avfallsdunken/avfallssekken skal vegen vere fri for hindringar for den som skal hente avfallet. Vinterstid skal tilkomsten vere rydda for snø, og om naudsynt vere sandstrødd.

Når vegen ikkje er tilfredsstillande brøytt eller den har slik teknisk standard at den i det heile tatt ikkje er køyrbar, skal abonnenten bringe avfallet fram til renovasjonsbilen, eller ta vare på avfallet på ein forsvarleg måte til neste hentedag. VØR kan i enkelttilfelle samtykkje anna plassering enn det som er nemnt ovanfor, mot eit ekstragebyr som vert fastsett i samband med årleg gebyrfastsetjing (henteavtale). Eigarar av fritidshus/hytter pliktar å Ievere avfallet sitt i tilviste avfallsbehaldarar som nemnt i denne paragraf punkt b.

§ 8. Sortering av avfallet 
a) Hushaldningsavfall
Hushaldningsavfall skal kjeldesorterast for dei avfallsfraksjonar det er etablert innsamlings- og mottaksordningar for. Dette vert gjort for å Iegge til rette for best mogleg slutthandsaming av avfallet. Avfall Ievert til VØR kan verte manuelt kontrollert. Ved manglande eller mangelfull sortering vil renovatør ved bruk av klistrelapp eller liknande varsle om mangelen og ikkje ta avfallet med på vanleg rute.

Fuktig avfall, skarpe eller knuselege gjenstandar mv. skal vere forsvarleg innepakka for å hindre skade på renovatørane, for plassering i avfallsbehaldaren. Varm oske må avkjølast heilt før den vert emballert og lagt i behaldaren. Oske, avfall fra støvsugar o.l. må vere skikkeleg emballert for å unngå støvplage under innhenting.

Flytande avfall skal ikkje leggjast i behaldaren. I behaldaren må det vidare ikkje leggjast større metallgjenstandar, elektrisk eller elektronisk avfall, stein og jord, hageavfall og sand/grus eller bygningsavfall. I behaldaren må det heller ikkje leggjast etsande, eksplosivt eller sjølvantenneleg avfall. Farleg avfall eller problemavfall skal ikkje leggjast i behaldaren. Brukaren kan gjerast økonomisk ansvarleg for skader på behaldar, renovasjonsbil eller på tømmeplass for renovasjonsbilen som følgje av aktlaus bruk av behaldaren.

Når ein brukar avfallssekk skal den ikkje fyllast meir enn at den kan knytast att.
Avfall som er for stort eller for tungt til den vanlege innsamlingsordninga skal leverast til miljøstasjonen. Tilsvarande skal også andre typar avfall som kan gjenvinnast eller gå til ombruk og det ikkje er oppretta henteordning for, leverast til miljøstasjonen.

b) Henteordning
Alle abonnentar som inngår i tvungen kommunal avfallsordning skal kjeldesortere avfallet i følgjande fraksjonar:
  • Vatorganisk avfall skal leverast i grøn behaldar med brunt lok.
  • Glas og metallemballasje skal leverast i grøn behaldar med gult lok.
  • Emballasjeplast skal leverast i samanknytte returplastposar i grøn behaldar med blått lok.
  • Papir (aviser, tidsskrift, vekeblad, reklamepapir, papp, kartong, drikkekartong) skal leverast i grøn behaldar med blått lok.
  • Restavfall skal leverast i grøn behaldar med grønt lok.
Fraksjonane skal haldast skilt og leggjast i dei utleverte avfallsbehaldarane som står heime hos kvar enkelt abonnent. Det er ikkje tillate å leggje andre typar avfall i oppsamlingseininga enn det som er nemnt ovanfor. Det er ulike tømefrekvensar for desse fraksjonane. For nærare opplysningar vert det vist til eigen informasjon. Kravet til kjeldesortering gjeld ikkje husstandane i bygda Skår.
 
c) Bringeordning
Andre kjeldesorterte fraksjonar med godkjent innsamlingsordning skal bringast til returpunkt, t.d tekstilar eller miljøstasjonen (større delar av papp, e.e-avfall). VØR kan gjere endringar i utval og talet på fraksjonar. Farleg avfall må leverast til farleg avfall mottak eller miljøstasjonen.

Fritidsbustader kan få tilvist bruk av felles oppsamlingseiningar for avfall. Disse skal ikkje nyttast av fast busette, verksemder, utleigehytter eller private anlegg for turisme. Brot på dette vert definert som om den aktuelle abonnent/brukar har for lite behaldarvolum/for lav hentefrekvens (if§ 7 og § 12).

§ 9. Hygieniske krav til renovasjon
Forskriftene byggjer på dei krav til hygienisk avfallshandtering som vert fastsett av sentrale styresmakter og helsemynde i kommunane.

Gjeldande lover og forskrifter:
a) Lov 24. juni 2011 nr. 30 om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m. (helse- og omsorgstjenesteloven) og lov 24. juni 2011 nr. 29 om folkehelsearbeid (folkehelseloven) med kommunale helseforskrifter.
b) Lov 13. mars 1981 nr. 81 om vern mot forurensninger og om avfall med forskrifter.

Helsestyresmaktene i kommunane har eit sjølvstendig ansvar for å sjå til at helseforskriftene om handtering av avfall vert fylgd.

§ 10. Avfallsgebyr
a) Abonnentar som vert omfatta av avgjerdene i denne forskrifta skal betale avfallsgebyr som vert innkravd av VØR. Ved registrering av ny abonnent eller ved endring av eksisterande abonnement, vert nytt gebyr rekna fra den første i månaden etter at endringa er meldt til VØR. Tilsvarande vert gebyret rekna fram til den siste dagen i månaden der gebyrplikta vert avslutta. Abonnentar som kjem inn under denne forskrifta pliktar straks å melde endringar i abonnementtilhøve til VØR. Likeeins pliktar ein å melde frå dersom personen ikkje står i gebyrregisteret for avfall. Blokker, rekkehus og liknande som er organisert som burettslag, kan ta avgifta berekna og betalt samla. Det same gjeld for tilsvarande bustader når eigarane organiserer seg som felles rettssubjekt (eks huseigarforeining).

b) Gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyra. Gebyret med renter og kostnader er sikra etter pantelova § 6-1. Om renteplikt og inndriving gjeld tilsvarande reglar i lov av 6. juni 1975 nr. 29 om eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27. Gebyret skat dekke alle kostnader med avfallshandteringa. For dei tenestene som er pålagde og fastsette etter denne forskrifta skal abonnenten betale eit renovasjonsgebyr til VØR pr. gebyreining. Gebyr skal og betalast for tilleggstenester som henteavtale.

c) Gebyreiningar som star tome heile eller delar av året kan etter årleg søknad, få nedsett gebyr for:
  • samanhengande heile året 100 % og
  • samanhengande minst 6 md 50 %.
Vilkåret er at avfallsbehaldarane er innleverte til VØR for den perioden det vert søkt om fritak for.

d) Gebyrdifferensiering
For å fremje avfallsreduksjon, kjeldesortering og gjenvinning vedtek kommunen differensierte gebyrsatsar i samband med dei årlege gebyrvedtak. Gebyret vert fastsett på grunnlag av storleik på avfallsdunk, om abonnenten komposterer eller om abonnentar samarbeider om oppsamlingseining.

§ 11. Unntak/klager- praktisering
Søknader om unntak og klager på praktiseringa av denne forskrift, kan påklagast (forvaltningslova § 2b og forureiningslova § 85). Klagen skal sendast til det organet som har gjort vedtaket. Dersom klagen ikkje vert teken til følgje, vert den sendt til styret for VØR, som skal gjere endeleg vedtak.

Det at ordninga ikkje vert brukt, at bruken er tungvint eller vert sett på som unødvendig eller liknande, gjev ikkje grunnlag for fritak frå ordninga eller betalingsplikta.
 
Søknader/klager skal vere grunngjevne og innehalde opplysningar om eigar, adresse, gards- og bruksnummer. Kommunane delegerer mynde for avgjerd av søknader/klager til styret for VØR. Styret i VØR kan delegere mynde til å ta daglege og praktiske avgjerder etter desse forskriftene til dagleg leiar.

§ 12. Sanksjoner- straff
Dersom det viser seg at ein abonnent har for lite behaldarvolum, slik at det er fare for at avfallet vert disponert i strid med forskrifta, kan VØR påleggje abonnenten det behaldarvolumet som ein finn føremålstenleg. Byte av behaldar vil skje seinast ein månad etter at skriftleg varsel er sendt fra VØR.

Dersom det viser seg at ein abonnent ikkje har meldt i frå om gebyrpliktige abonnementeiningar eller endring i gebyrplikt som medfører tillegg i gebyret, kan VØR påleggje ekstragebyr frå den datoen som abonnementeininga(ne) vart gebyrpliktig(e). Dersom dette tidspunktet ikkje kan dokumenterast, vert abonnenten automatisk pålagt gebyr frå to år før tilhøvet vart oppdaga/registrert.

VØR kan påleggje abonnenten tilleggsgebyr om det syner seg at abonnenten ikkje sorterer avfallet sitt i samsvar med gjeldande sorteringsreglement, jf. § 8 i denne forskrift.
Utover dette kan brot på føresegnene verte straffa med bøter, jf. forureiningslova § 79 andre ledd. 

Kapittel 2. Tøming av slam frå spreidde avlaupsanlegg

§ 13. Generelt
Volda og Ørsta kommune har vedteke å nytte mobil avvatning som behandlingsmetode for kloakkslam fra slamavskiljarar med godkjent avløp. Volda kommunestyre i møte 3. mai 1990 og Ørsta kommunestyre i møte 28. mai 1990.

§ 14. Tøming av slamavskiljarar m.m. 
a) Melding
Melding om når tøming vil finne stad vil verte gjeve gjennom SMS/e-post /Altinn eller på annan måte som VØR finn føremålsteneleg.

b) Frekvens på tøming av slamavskiljar
Tvungen slamtøming gjeld for alle eigedomar som har slamavskiljar eller tett tank for slam. For eigedomar med fast busetjing/heilarsbustad og med toalett tilknytt slamavskiljar, skal slamavskiljar tømast ein gong kvart andre år. Andre slamavskiljarar skal tømast ein gong kvart fjerde år. Tette oppsamlingstankar skal tømast i god tid før dei er fulle og minst ein gong kvart år. I særlige høve kan VØR fastsetje annan tømefrekvens enn nemnt ovanfor.

c) VØR eller den som tømer for VØR sine plikter
Tøming skal utførast slik at den ikkje er til ulempe for nokon med omsyn til støv, lukt eller støy. Anlegget skal forlatast i lukka stand og grinder, portar og dører skal stengjast, eventuelt låsast. Renovatør skal rapportere til kommunen alle observerte avvik ved anlegget og samla mengde slamvolum.

d) Vegtilkomst til slamtank
Krav til vegtilkomst til slamtank ved tøming heile året skjer etter § 7c i disse forskrifter og gjeld tøming med standardutstyr.

Bruk av særskilt tømemateriell og høgre gebyr, tillet vegtilkomst på sommarhalvåret bygt etter Normal for landbruksvegar, vegklasse 5, Sommarbilveg for tømmertransport utan hengar. Anlegg med vegtilkomst vegklasse 5 vil ikkje ha krav på naudtømning i vinterhalvåret.

§ 15. Abonnenten sine plikter
Abonnenten skal syte for at anlegga som skal tømast er lett tilgjengelege og dimensjonerte for tøming med bil. Overdekking av kumlokk og liknande med snø, is, jord, stein eller anna skal vere fjerna av abonnenten før tøminga skal gjerast. Den som tømer anlegget har rett til å plassere naudsynt utstyr på eigedomen for å få utført tøminga. VØR vil ikkje ta på seg krav frå skade på vegar, hagar eller Iiknande. Dersom vegstandarden er for dårleg, må tankeigar syte for forsterkning. Jf. også krav til veg/hentestad i § 7c.

Dersom abonnenten ikkje har klargjort tanken for tøming eller ein må tøme tankar utanom oppsett innhentingsplan, kjem gebyr for tilkøyring i tillegg til tømeprisen.

§ 16.Avgifter ved fellesanlegg
Kommunale og private fellesavskiljarar for fleire bustadhus, bustadfelt, verksemder, industriomradar og andre type byggjeområde eller tettstader skal tømast i samsvar med det som er oppgitt i utsleppsløyve eller når VØR vurderer at tøming må gjerast.

§ 17. Avgift, innkreving, renter m.m.
Abonnenten skal betale ei årleg avgift som vert innkravd av VØR. Gebyrsatsane vert fastsett årleg av kommunestyra. Gebyret med renter og kostnader er sikra etter pantelova § 6-1 om renteplikt og inndriving gjeld reglane i Iov 6. juni 1975 nr. 29 og eigedomsskatt til kommunane § 26 og § 27.

§ 18. Klage og straff
Dette vert handsama etter § 11 og § 12 i denne forskrift.

§ 19. Iverksetting
Forskrifta trer i kraft fra 01.01.2018 og erstattar tidlegare forskrift 20.06.2013 om renovasjon, Ørsta og Volda kommunar, Møre og Romsdal.



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender