vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 

VØR - 27 grøne år med avfallshandtering


Volda og Ørsta Reinhaldsverk IKS (VØR) blei etablert som eit interkommunalt selskap i samarbeid mellom Ørsta og Volda kommunar i 1988. Den første tida blei avfall transportert til Ålesund for forbrenning, men allereie eitt år seinare såg miljøstasjonen på Hovdebygda dagens lys. I takt med ein stadig vekst i avfallsmengda blant hushaldningar og bedrifter, har anlegget gått gjennom ei rekke utbyggingar og moderniseringsprossessar. 

På offensiven


I 1994 startar VØR med utsortering av papir og glas i eigne fraksjonar. I 1995 kjøper VØR meir tomteareal, bygger nye garderobar og utvidar kontorkapasiteten. I 1998 opnar ny sorterings- og gjenbrukshall, der privatkundane sjølve sorterer avfallet. I 1999 innfører VØR henteordning for plastemballasje. I 2000 blir dei svarte bossekkane bytta ut med grøne 140 L behaldarar, og differensierte avgifter etter hentefrekvens og mengd vert innført. I 2002 kjem den første sidelastarbilen i drift. Same år blir blåsekken bytta ut med grønn 140 L dunk med blått lok. I 2004 blir det bygd det ny lagerhall og ny sorteringshall. Mottaksordninga for hageavfall blir også betra. I 2005 er mindre enn 2 % av avfallet sendt til deponi og VØR startar med papirsortering i eigen regi, heilt til miljøstasjonen i 2008 brenn ned til grunnen.

Opp frå osken


For avfallshandtering i regionen, blir brannen eit skot for baugen. Heldigvis startar arbeidet for å få på plass ny miljøstasjon raskt og to år seinare opnar ein forbetra miljøstasjon portane. I 2004, som svar på ei lovendring om klarere skilje mellom konkurranseutsette avfallsfraksjonar og monopoldrift, opprettar VØR Retura Søre Sunnmøre (RSS). Det heileigde selskapet får ansvar for å ta seg av avfall frå næringslivet i kommunane. I 2010 kjøper RSS opp kontainerselskapet Kran og Miljøservice AS, for å tilby totaltenester innan kran- og kontainerutleige, avfallshandsaming, ulike henteordningar og makulering av papir. Samla omset VØR og RSS no for 20 millionar kroner.

Ei ambisiøs framtid


I 2015 sette VØR nye mål for framtida. Innan 2020 skal heile 60% av det samla avfallet i Volda og Ørsta gjennvinnast. Henteordning for glas- og metallemballasje hos privatkundar trer i kraft i 2016, samtidig som det vert innført henting av restavfall kvar 14. dag for alle abonnentane. Henteordning for matavfall vert iverksatt som ei prøveordning året etter.



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender