vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(11.08.2017 - Kl. 10.39)

- Fint om avfallet kan sorterast betre

Trur informasjon og rettleiing vil hjelpe

Inge Birger Bjørdal ber om hjelp frå dei som leverer avfall til miljøstasjonen på VØR, slik at sorteringa kan verte betre. Då vil også meir av det som vert levert til miljøstasjonen kunne få eit nytt liv som nye råvarer, og ein kan redusere den mengda som må gå til forbrenning.

- Etter nokre månader med betjent miljøstasjon, ser vi at ein del vert sortert feil. Men mange av dei som leverer avfall hit gjer heldigvis alt heilt korrekt – og det gjeld dei fleste, seier Inge Birger Bjørdal og legg til:

- Det hadde vore fint om også dei som i dag ikkje gjer alt heilt korrekt, kan prøve å sortere betre, er oppmodinga frå Inge Birger Bjørdal.

Han er overtydd om at ein gjennom betre informasjon og rettleiing kan klare å endre haldningar og dermed oppnå langt betre sortering enn i dag.

I sitt daglege virke prøver Inge Birger Bjørdal å rettleie dei som kjem innom miljøstasjonen. Dette er dei feila han oftast kjem over:

1. Plast skal verken pakkast i svarte sekkar eller i pappkasser, men i sekkar av blank plast.

2. Papp skal ikkje kastast saman med papir, men skal i eigen konteinar for papp.

3. Isoporen må vere rein for at den skal kunne verte råvare for nye produkt. Er den skitten, hamnar den i restavfallet og går til forbrenning.

4. Når folk leverer plast, er det viktig å passe på at der ikkje ligg att metall i plasten – til dømes skruar.

Inge Birger Bjørdal minner også om at farleg avfall skal leverast i rommet for farleg avfall som ligg til venstre når ein køyrer inn på miljøstasjonen – altså på motsett side av rekkja med konteinarar.

Det er svært viktig at farleg avfall vert levert hit, og ikkje hamnar i restavfallet. Grunnen er at farleg avfall inneheld helse- og miljøfarlege stoff.

Døme på farleg avfall er batteri, måling, lim, lakk, sprayboksar, lysrør, lyspærer og brannslokkingsapparat.






















 


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender