vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(04.07.2018 - Kl. 10.27)

- Folk spør mest om kvar hardplast skal kastast

Tek imot store mengder utrangerte elektriske og elektroniske artiklar

Steffen Myklebust (18 år) er sommarvikar på VØR, og nokre av arbeidsoppgåvene hans går ut på å rettleie dei som kjem innom miljøstasjonen for å levere avfall.

- Det eg får flest spørsmål om, er kvar hardplast skal kastast. Svaret eg gir, er at det skal i restavfallet, seier Steffen og legg til at fleire av dei som spør, lurer på om hardplast skal kastast samman med mjukplast.

Og det skal det altså ikkje.

Set pris på rettleiing. Steffen Myklebust sit att med det inntrykket at dei som kjem innom miljøstasjonen og ber om råd, set stor pris på å få rettleiing.

- Når nokon først har stilt eitt spørsmål, kjem det som regel fleire spørsmål om kvar forskjellige slags ting skal kastast og gjerne også spørsmål om kva som skjer vidare i gjenviningsprosessen, fortel Steffen.

Å ta imot EE-avfall er ei anna arbeidsoppgåve. Det kjem inn store mengder med elektrisk og elektronisk avfall. Steffen har til oppgåve å sortere det som kjem inn, slik at rett type avfall går vidare til dei forskjellige mottakarane som driv med gjenvinning.

I og med at han har førarkort, har han også køyrt dunkar og plastsekkar med varebil til abonnentar i Volda og Ørsta.

Militæret det neste. Dette er andre sommaren at Steffen har sommarjobb på VØR.  Han har nettopp fullført vidaregåande skule, og har jobba på VØR på laurdagar og tysdagar i samband med langope.

Planen er at han skal jobbe på VØR fram til august, då han skal til Ørlandet for å avtene 12 månaders verneplikt i flyvåpenet.

- Eg er sjølvsagt litt spent på korleis det vert å kome i det militæret, men trur det skal verte ei fin tid,seier han.

Godt arbeidsmiljø. I og med at faren, Ove Myklebust, i ei årrekkje har jobba på VØR, er dette ein arbeidsplass han kjenner godt.

- På VØR er det svært godt miljø, og eg trivst svært godt med å ha sommarjobb her, seier sommarvikar Steffen Myklebust.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender