vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(02.07.2018 - Kl. 11.18)

- Fossil olje til oppvarming høyrer fortida til

Forbod vert gjort gjeldande frå 2020 for bustadar

- Fossil olje til oppvarming høyrer fortida til, understrekar klima- og miljøminister Ola Elevestuen (V) og seier samstundes at forbodet mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar frå 2020 sender eit klårt signal om at vi skal over på fornybare oppvarmingsløysingar.

Regjeringa har vedteke føreskrift i samaband med forbodet. Når det gjeld driftsbygningar i landbruket og sjukehusbygg, vert ikkje eit forbod gjort gjeldande før frå 1. januar 2025.

Av omsyn til forsyningstryggleik  og praktiske og økonomiske omsyn, er det gitt unntak frå forbodet for nokre typer bygningar. Mellom anna gjeld ikkje forbodet for fritidsbustader som ikkje er kopla til straumnettet.

Mineralolje er definert som lett og tung fyringsolje, fyringsparafin og andre brenslar av mineralsk opphav som er flytande. All fossil mineralolje som kan brukast i ein oljekjele eller parafinkamin til å varme opp ein bygning, er omfatta av forbodet.

Støtte til fornybare alternativ. - Det har vore ein stor nedgang i bruken av oljefyring, og klimagassutsleppa frå oppvarming av bygg er meir enn halvert sidan 1990. Det finst mange gode fornybare alternativ, mellom anna varmepumper, fjernvarme og biobrensel. Overganga frå fossil olje til fornybar oppvarming kuttar ikkje berre utslepp, men vil i man ge tilfelle også redusere energiutgiftene, uttalar klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) til departementet si eiga heimeside.

Enova kan gje støtte til privatpersonar for fjerning av oljetanken, dersom dei samstundes erstattar den med ei væske-til-vatn varmepumpe, luft-til-vatn varmepumpe, biokjel eller bioomn med vasskappe. Konvertering til fjernvarme vert også godkjent.

I 2018 kan privatpersonar få inntil 50.000 kroner i støtte, ved bytte av oljefyren med ei fornybar varmeløysing.

Støttebeløpet har vorte dobla i 2018 for å få fart på utfasinga av oljefyrar. I 2019 går støttesatsane tilbake til normalt nivå, og vert avvikla heilt når forbodet trer i kraft i 2020.

Enova tilbyr også støtte til fjerning av oljekamin, så lenge den vert erstatta av ei varmepumpe, ein vedomn eller pelletskamin.

Nedgravne oljetankar. Klima- og miljødepartementet understrekar av nedgravne oljetankar som er tekne ut av bruk, bør gravast opp og fjernast.

Då vil ein unngå framtidig lekkasje og ureining. Ein kan samstundes også oppdage og fjerne eventuell gammal ureining i grunnen rundt tanken. Lekkasjar kan verte svært dyrt, føre til luktproblem i bustadar og skade miljøet.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender