vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(01.12.2017 - Kl. 09.29)

- Må ta asbest på alvor

Leveransar som ikkje er godt nok pakka, vil verte avvist

Husk at asbest - til dømes gamle takplater av eternitt - skal pakkast inn i tjukk plast før dei kan leverast til miljøstasjonen på VØR.

Dessverre opplever VØR at det vert slurva med dette. Renovasjonsselskapet har fått tilbakemelding frå mottakar om at noko av asbesten som vert levert, ikkje er godt nok pakka.

Grunnen til det strenge kravet om innpakning, er at asbestfibrar kan føre til kreft dersom dei vert pusta inn.

Dersom asbesten er stabla på pall, er kravet at den skal pakkast inn i to lag tjukk plast av typen "bygningsplast". Plasten skal vere rundt heile stabelen, men ikkje under pallen.

Alle skøytar og brettar skal vidare vere teipa godt saman. Vidare er det krav om at asbesten skal merkast med "asbest".

Dersom asbesten ikkje er forsvarleg pakka og merka,vil leveransen verte avvist.

Fordi asbest er farleg avfall, er det gratis å levere dette til VØR.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender