vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
Havforskar Geir Wing Gabrielsen frå Norsk Polarinstitutt i samtale med klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) på Hold Norge Rent-konferansen i Oslo onsdag 7. februar.
(08.02.2018 - Kl. 15.05)

- Vi kan få ny "plast-øy" i Barentshavet om 20-30 år

Produksjonen av plast vil nær firedoble seg fram mot 2050

- Dersom plastforsøplinga av verdshava held fram i same omfang og tempo som i dag, kan vi om 20-30 år få ei ny "øy" eller ein såkalla gyre av plastavfall i Barentshavet, sa havforskar Geir Wing Gabrielsen frå Norsk Polarinstitutt då han onsdag presenterte den rykande ferske forskingsrapporten "Plastic in the European Artic" på Hold Norge-konferansen i Oslo.

Geir Wing Gabrielsen, som har utarbeidd rapporten saman med havforskar Ingeborg G.Hallanger, kunne også opplyse at ny forsking viser at så mykje som 94 prosent av plastavfallet hamnar på havbotnen - ikkje 70 prosent som tidlegare rekna med.

- Det vi ser er berre toppen av isfjellet, sa han.

Fem øyar med plastavfall. Det er i dag fem "øyar" eller gyrar med plastavfall rundt om i verdshava.

Opphopinga av plastavfall dannar seg i straumvirvlar, og dei kan vere 10 meter djupe. Mykje av plasten er uråd å få auge på, fordi den flyt like under havoverflata.

Størst av "øyane" med plast er Great Pacific Garbage Patch i Sør-Stillehavet, som kan vere så stor som 1,4 millionar kvadratmeter - og det er tre gonger større enn Spania og Portugal til saman!

Det er vidare plast-gyrar i Det indiske hav, i Nord-Sillehavet, Sør-Atlanterhavet og i Nord-Atlanterhavet.

Geir Wing Gabrielsen ser for seg at det kan danne seg ein forbindelse mellom gyren i Nord-Atlanterhavet og ein eventuelt ny og sjette gyre i Barentshavet.

Eit anna mønster som vart peika på, var at der havstraumane endar, har det ein tendens til å hope seg opp mykje plastavfall. Område aust i Barentshavet, ved Novaja Semlja, og vestsida av Svalbard vart nemnt spesielt.

Kan få firedobling i plastproduksjon. Geir Wing Gabrielsen viste til at i 2016 låg verdas plastproduksjon på 325 millionar tonn, og at i dag vert åtte prosent av oljeproduksjonen brukt til å produsere plast.

Prognosane for 2050 er på 1124 millionar tonn, altså ein auke på mellom tre-fire gonger.

Medan kvart menneske i verda i 1976 brukte i gjennomsnitt to kilo plast per år, hadde talet i 2017 stige til 43 kilo. Og i denne same perioden dobla talet på innbyggjarar seg.

Meir CO2-utslepp. Havforskaren kom også inn på utslepp av CO2 knytt til produksjon av plast.

I dag avgir plastproduksjonen 1,5 milliardar tonn karbondioksyd. Men i 2050 kan det vere snakk om så mykje som fem milliardar tonn karbondioksyd.

Førebur produksjonsauke. Geir Wing Gabrielsen viste også til opplysningar som har kome fram i internasjonal presse om at store plast-aktørar som Shell Chemical og Exon Mobile Chemical dei neste ti åra skal investere 180 milliardar norske kroner i nye fabrikkar i USA og Europa for å auke produksjonen av plast med 40 prosent.

Og med endå større produksjon av plast, er det grunn til å frykta at endå meir hamnar ute i naturen og til slutt i verdshava.

Vi må starte med oss sjølve. Dagleg leiar i Hold Norge Rent, Lise Keilty Gulbrandsen, var tydeleg på at dersom vi skal få bukt med det store problemet med plastforsøpling, må vi starte med oss sjølve.

- Den forsøplinga som vi no er vitne til, er eit resultat av vår adferd. Men det må vi kunne gjere noko med, sa Gulbrandsen optimistisk og tok sterkt til orde for å endre åtferd.

 - Vi må slutte å forsøple. Saman skal vi rydde havet, sa ho.


.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender