vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(08.02.2018 - Kl. 11.16)

- Vi ryddar alltid søppel når vi er på stranda

H.K.H. Kronprins Haakon opna Hold Norge Rent-konferansen onsdag

- I vår familie er det ei stund sidan vi var på ei strand utan å rydde søppel.

Det fortalde H.K.K. Kronprins Haakon då han ondag 7. februar stod for den offisielle opninga av Hold Norge Rent-konferansen på Voksenåsen kultur- og konferansehotell i Oslo.

Fekk augene opp. Han fortalde at då dei skandinaviske tronarvingane sommaren 2008 drog til Svalbard for å få større innsikt i klimaendringane i Arktis - og så sommaren 2009 følgde opp med ei tilsvarande reise til Grønland, fekk dei augene opp for korleis det står til med klimaet og marin forsøpling.

- Vi forstod at det som held på å skje, er urovekkjande, fortalde kronprinsen.

Flinke strandryddarar. Han gav honnor til alle strandryddarar som i det små gjer ein fantastisk innsats for å reinske strendene for søppel.

Han meinte det var eit aldri så lite paradoks at vi i dag har større kjenskap til overflata på månen enn vi har av havbotnen.

- Ikkje rart at havdjupet har vorte ei mytisk verd, sa han.

Vi lever av havet. Han minte dei rundt 150 frammøtte om at i Norge lever vi av havet.

- Havet har gitt oss mat, arbeidsplassar og fantastiske naturopplelvingar. Som nasjon bærer vi eit stort ansvar for å halde havet fritt for avfall. Men vi har også store moglegheiter, og vi kan møte verdas aukande behov for både mat og energi, sa kronprinsen då han onsdag opna Hold Norge Rent-konferansen i Oslo.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender