vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(11.05.2017 - Kl. 10.29)

115 tonn metall og 30 tonn EE-avfall samla inn på bygdene

Ordninga går i null på grunn av OK prisar på metall

VØR og Retura Søre Sunnmøre er i ferd med å setje strek for årets bygderydding. Volumet som vart samla inn i år ligg om lag på same nivå som i fjor.

Sidan påske har det vore plassert ut konteinarar i 20 bygder i Volda og Ørsta. Det har vorte samla inn 115 tonn metall og 30 tonn elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall).

Den årlege bygderyddinga, som er eit tilbod til bygder i dei to kommunane for at innbyggjarane der skal sleppe å dra heilt til miljøstasjonen ved flyplassen for å levere frå seg metall og EE-avfall, er eit tilbod som har vore gitt sidan tidleg på 2000-talet.

Dette er ei ordning som innbyggjarane ute på bygdene set stor pris på, og som sikrar at slikt avfall vert levert dit det skal.

Jon Arne Steinsvik i Retura Søre Sunnmøre opplyser at som følgje av brukbare prisar på metall, er dette ei ordning som i år vil gå i null.

Han anslår at i løpet av dei åra som ordninga har vore i gang, har VØR og Retura Søre Sunnmøre samla inn rundt eit par tusen tonn metall og EE-avfall ute på bygdene i Volda og Ørsta.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender