vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(02.01.2018 - Kl. 09.45)

45 prosent stammar frå personleg forbruk

Omfattande forsøpling også i innlandet

Heile 45 prosent av det som er samla inn i samband med dei mange strandryddeaksjonane som vart gjennomført i fjor, stammar frå personleg forbruk.

Dette går fram at Strandrydderapporten som Hold Norge Rent har utarbeiddd.

Avfall frå marin sektor, som inkluderer fiskeri, akvakultur, fritidsfiske og hamner, står for rundt 37 prosent av funna.

Rundt 12 prosent kjem frå byggje- og anleggsverksemd eller industri, medan fem prosent dreiar seg om sanitæravfall som det er grunn til å tru kjem frå reinseanlegg.

Plast. Strandrydderapporten viser vidare at uidentifiserbar plast framleis toppar funnlistene.

Elles kjem tau, isopor, drikkeflasker og drikkeboksar høgt opp på funnlista langs kysten.

Sneipar. Isopor og drikkevassemballasje kjem også høgt opp når det gjeld det som er funn og samla inn langs vassdrag og innsjøar. Men her kjem sneipar på topp.

Under vatn ligg drikkevassemballasje øvst på funnlista.

Norden. Gjennom prosjektet Nordisk strandryddedag 2017 har ein også sett nærare på kjeldene til marin forsøpling i Norden.

Denne analysen viser at rundt 43 prosent av funna i Norden stammar frå personleg forbruk, og om lag 37 prosent frå fiskeri og akvakultur.

Rundt 15 prosent stammar frå industri og næringsverksemd, medan ein prosent av det marine avfallet i Norden er sanitæravfall.

Nedslåande. For første gong har Hold Norge Rent sett nærare på forsøpling langs vassdrag og innsjøar. Resultata er nedslåande.

Frivillige har i 2017 plukka 9.967 einingar i innlandet.

- Forsøpling er desseverre også eit problem i innlandet langs våre vassdrag og innsjøar. I åra som kjem må vi trappe opp ryddinga i desse områda, seier dagleg leiar i Hold Norge Rent, Lise Keilty Gulbrandsen,


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender