vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(19.10.2017 - Kl. 12.50)

Behov for tydelegare retningslinjer om kunstgrasbaner

Akershus fylkeskommune ber Kulturdepartementet om forsking og tiltak

Det er eit stort behov for tydelegare retningslinjer om korleis kunstgrasbaner skal driftast, vedlikealdast og rehabiliterast.

Det går fram av ei referatsak som vert lagt fram for kultur- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal 25. oktober.

Det vert vist til at både kommunar og fylkeskommunar rundt om i landet får mange spørsmål i samband med bruk av ulike typar fyllmateriale til kunstgrasbaner.

Det har i stor grad dreia seg om mikroplast og eventuelle utslepp av dette i vatn og vassdrag. Men også moglege farar for helse og miljø.

Sjå til Vestfold. Administrasjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune ser mot Vestfold, som saman med Buskerud, Østfold og Akershus deltek i prosjektet "Ren Kystlinje".

NTNU og SIAT - Senter for idrettsanlegg og teknologi har levert ein rapport der det går fram at det i dag er store forskjellar på korleis kunstgrasbaner vert drivne.

Sjølv om det finst tilrådde retningslinjer på drift av baner frå NFF og Kulturdepartementet, er det få som følgjer desse retningslinjene.

Berre tre av i alt 199 baner frå Vestfold har hatt ei ekstern vurdering av miljø og forureining og berre 18 har hatt ei helsefarleg vurdering.

Rehabilitering i kjømda. Berre 19,6 av banene er rehabilitert, noko som betyr at mange baner treng rehablilitering i løpet av dei næraste åra.

Og berre 47,9 prosent av dei banene som har hatt rehabilitering, sender det gamle kunstgraset tilbake til destruksjon.

Brev til departementet. Akershus fylkeskommune har forfatta eit brev til Kulturdepartementet der behovet for klåre retningslinjer vert sterkt understreka. 

Fylkeskommunen viser til at det i fleire kommunar er gjort vedtak om reistriksjonar eller forbod mot einskilde typar fyllmateriale, fortrinnsvis SBR-granulat som vert produsert av oppkutta bildekk.

Dårleg faktagrunnlag. Men fylkeskommunen ser samstundes at fleire av desse vedtaka er basert på det ein trur og at det er ulik tolking av forskjellige rapportar.

Derfor kan det stillast spørsmål ved om eksisterande faktagrunnlag er tydeleg og godt nok til å fatte gode og rette avgjerder.

Vidare vert Kulturdepartementet, saman med Miljødirektoratet, Klima- og Miljødepartementet og Norges Fotballforbund, oppmoda om snarast mogleg utarbeide klåre anbefarlingar og retningslinjer for bygging, rehabilitering og drift av alle typer kunstgrasbaner.

Krav for å få spelemidlar? Det vert vist til at Kulturdepartementet i dag forvaltar spelemiddelordninga, men at det ikkje finst spesifikke krav til bygging, drift og rehablitering, utanom det idrettsfunksjonelle.

Ved revidering bør det kome slike krav, men dei må utformast på ein slik måte at det vil vere mogleg å verte handheva og følgt opp av anleggseigar, skriv fylkeskommunen i brevet, der det mellom anna vert stilt spørsmål om det bør innførast avgrensingar i høve til å få spelemidlar for kunstgrasbaner med bestemt type fyllmateriale. Andre spørsmål er om det bør stillast krav til snødeponi og krav til innlevering til godkjende mottak ved rehabilitering av anlegga.

Behov for meir forsking. Akershus fylkeskommune nemner på slutten av brevet behovet for forsking - og spesielt om bruk av gummi kan erstattast med eit alternativ som ikkje medfører miljøproblem og som kan verte produsert på ein berekraftig måte.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender