vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(13.02.2018 - Kl. 10.50)

Bruk vatn frå springen i større grad

Ein lekk i EU sin ambisiøse plast-strategi

Ved i større grad å drikke vatn rett frå springen, vil ein kunne redusere bruken av eingongsflasker med drikkevatn.

Dette er sentralt i det nye forslaget til drikkevassdirektiv som EU presenterte 31. januar og som no er til behandling i EU sine organ.

Seinare vil det også kome forslag til regelverk som skal redusere bruken av eingongs plastprodukt, skriv tidsskriftet Kretsløpet i sitt siste nummer.

Ikkje med. Eit område som ikkje er teke med i plaststrategien som vart presentert i januar, er arbeidet med å redusere bruken av plastbæreposar. Forklaringa er dette området allereie er ivarteke.

- EU-direktivet som pliktar landa til å redusere bruk av lette plastbæreposar, er ein del av emballasjedirektivet som kom for nokre år sidan, forklarar Hege Rooth Olbergsveen, som er Norges miljøråd i Brüssel, overfor Kretsløpet.

Emballasjedirektivet. Ho legg til at sidan emballasjedirektivet allereie er i EU sitt regelverk, er dette ikkje sentralt i plaststrategien. Men det verkar i same retning.

- Når kommisjonen snakkar om at dei skal utforme regelverk for å redusere bruk av andre eingongs plastprodukt, for eksempel take away-emballasje på mat, drikkebeger og sugerør, tenkjer dei at det kan gjerast på tilsvarande måte som er gjort for plastbæreposar, seier Olbergsveeen.

Det var i januar at EU, som ein del av oppfølginga av EU sin handlingsplan for sirkulær økonomi, la fram ein "minipakke" som mellom anna omfatta plaststrategien.

Denne strategien skal gje smartare bruk av plast, auka materialgjenvinning, redusert bruk av eingongs plastartiklar og mindre utslepp av mikroplast og annan plast til miljøet.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00



Tømekalender