vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(29.05.2017 - Kl. 15.30)

Dårleg sortering gir auke i renovasjonsgebyret

Kan ikkje kaste spikar, krystall og eldfaste skåler i dunken med gult lokk

Avfallsbransjen opplever stadig strengare kvalitetskrav når det gjeld sortering. Krava kjem frå så vel styresmakter som dei som tek imot innsamla avfall for å nytte råvarene som ligg i avfallet til nye produkt.

Dessverre opplever VØR meir og meir feilsortering, og dette vil gi auka renovasjonsgebyr for den einskilde abonnent.

Frå årsskiftet 2015/2016 gjekk Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) i gang med ei prøveordning slik at abonnentane kunne levere glas- og metallemballasje heime.

Sjølv om VØR ved fleire høve har informert på eiga heimeside og i  lokale media – i tillegg til under lokket på avfallsdunken om kva som kan kastast og kva som ikkje kan kastast, er det vanskeleg å få alle til å forstå kvifor dei til dømes ikkje kan kaste knuste ruter av vindauga, eldfaste skåler, krystall, spikar og bildelar av metall i denne dunken.

Under det gule lokket på denne avfallsdunken er det limt ei rettleiing med «Ja takk» til følgjande emballasje:

• Glasflasker
• Hermetikkboksar
• Tome majones- og kaviartuber
• Sylteglas
• Øl- og vinflasker
• Barnematglas
• Øl- og bruksboksar.

Marknads- og kommunikasjonssjef Gunhild Solberg i Syklus Glass AS og Syklus Materialgjenvinning AS på Onsøy utanfor Fredrikstad – verksemda dit all innsamla glas- og metallemballasje i Norge vert levert,  seier at sorteringsanlegget er laga for å sortere emballasje og ikkje større gjenstandar som lett kan kile seg fast i transportbanda.

For VØR kan glas- og metallemballasje som ikkje held kvalitetskrava, i verste fall føre til at heile trailerlastar som vert transportert til Onsøy vert sendt tilbake til Ørsta for ny sortering.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender