vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(05.07.2018 - Kl. 08.20)

Dårlege unnskyldningar for ikkje å kjeldesortere

12 prosent svarar at dei ikkje orkar å kjeldesortere

Orkar ikkje. Har ikkje tid. Klarer ikkje halde orden på alle posane. Dette er favorittunnskyldningar når vi ikkje kjeldesorterer avfallet vårt.

- Her var det mange dårlege unnskyldningar for å ikkje gjere ein miljøinnsats, seier Jaana Røine, adm. dir. i Grønt Punkt Norge, når ho får sjå lista over dei vanlegaste unnskyldningane nordmenn kjem med for å la vere å kjeldesortere.

For sjølv om folk flest er ganske gode til å kjeldesortere alt frå drikkekartongar til plast- og metallemballasje, er det ikkje alltid vi er like flinke, går det fram av ei sak skriven av Henning Poulsen i Pressenytt på oppdrag frå Grønt Punkt Norge.

Rot under kjøkkenbenken. I ei spørjeundersøking som YouGov har gjennomført for Grønt Punkt Norge, vert 1.000 nordmenn spurde om dei vanlegaste årsakene til at dei ikkje kjeldesorterer avfallet sitt.

Medan 14 prosent svarar at dei manglar ei passande løysing for avfallssortering heime, svarar ni prosent at dei ikkje ynskjer å ha fleire avfallsposar og -bøtter.

- Det er ikkje vanskeleg å leggje til rette for kjeldesortering heime. Du kan enten byggje ei løysing sjølv, eller kjøpe eit ferdig system med fleire avfallsbøtter i butikken, seier Røine.

Ikkje stress med kjeldesorteringa. 12 prosent svarar at dei ikkje orkar å kjeldesortere, medan 10 prosent ikkje har tid. Og tre prosent vil helle sjå på tv.

- Eg forstår godt at ein ikkje alltid har tid eller energi til å kjeldesortere avfall. Det er mange, særleg småbarnsforeldre, som sit i tidsklemma. Likevel, det går faktisk an å setje den tomme juicekartongen på kjøkkenbenken og heller kjeldesortere den seinare, er rådet frå Jaana Røine.

Vil ha betre merking. Nesten ein av fem svarar i undersøkinga at dei av og til ikkje forstår kva slags materiale avfallet er laga av. Desse får meir sympati frå sjefen i Grønt Punkt Norge.

- Det er ikkje alltid så lett, særleg sidan somme emballasjetypar kombinerer ulike materialar. For eksempel er nokre snacksposar kledde med aluminiumsfolie på innsida. Desse let seg ikkje gjenvinne, og kan derfor like godt gå i restavfallet og verte energiutnytta lokalt. Her arbeider vi for å få produsentane til å merke emballasjen sin betre, eller aller helst unngå å kombinere ulike materialar, seier ho.

47 prosent kjeldesorter alltid. Litt under halvparten av dei som har svara på undersøkinga, 47 prosent, er av det karakterfaste slaget. Dei kjeldesorterer etter eige utsegn alltid avfallet sitt, uansett kor lite bekvemt det måtte vere, og får dermed også stjerne i boka frå Røine.

- Å vere miljøvennleg handlar om alle dei små og store vala du tek i kvardagen, enten det er flyturar og bilkjøp eller den tomme maisboksen som du skyl og sorterar sjølv om du eigentleg har mest lyst til å synke ned i sofaen. Dei som alltid kjeldesorterar fortener ein god, grønn miljøklem, seier ho.

Grønt Punkt Norge, som er eigd av materialselskapa og er eit selskap som ikkje har som foremål å tene pengar, sikrar finansiering av returordningar for plastemballasje, metallemballasje, glasemballasje, emballasjekartong, drikkekartong og bølgjepapp.

(

FAKTA - derfor kjeldesorterer vi ikkje:

18 %: Forstår ikkje kva slags materiale avfallet var laga av

14 %: Manglar ei passande avfallssorteringsløysing

12 %: Orkar ikkje

10 %: Har ikkje tid

10 %: Andre i familien følgjer ikkje opp

9 %: Ønskjer ikkje å ha mange avfallsposar/-bøtter

7 %: Synest det vert rotete på kjøkkenbenken

3 %: Vil heller sjå på tv.

3 %: Trur ikkje kjeldesortering har nokon miljøeffekt

.......................................................................................

47 %: Kjeldesorterer alltid, uansett

(Kjelde: YouGov på oppdrag frå Grønt Punkt Norge)


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00



Tømekalender