vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
Ottis som sit i bua på gjenvinningsstasjonen er gjennomgangsfigur i LOOP sin nasjonale kampanje om oppussingsavfall. Karakteren Ottis er ein av mange roller som Atle Antonsen spelar i filmen Norske Byggeklosser. FOTO: 74 Entertainment/Nordisk Film Distribusjon
(13.02.2018 - Kl. 09.09)

Enorme mengder avfall frå oppussing

Atle Antonsen berande figur i kampanjen

Vi nordmenn riv ned og pussar opp i høgt tempo. Ja, vi er faktisk europamestrar i oppussing. Men denne aktiviteten fører til svært mykje oppussingsavfall.

Dette er bakgrunnen for at LOOP har teke initiativ til ein felles nasjonal kampanje for å stimulere til betre sortering og meir ombruk av oppussingsavfall.

Gløymer å sortere. Tal frå 2016 viser at nordmenn dette året brukte 70 milliardar kroner på å oppgradere bustadene sine. Midt i oppussingskaoset er det lett å gløyme å sortere alt det avfallet som oppstår.

Mykje av det som vert rive ut, kan lett brukast på nytt i heilt andre samanhengar.

Kampanjen Norske Byggeklosser har Atle Antonsen som ein berande figur, med sortere.no som ein felles nasjonal avsendar.

Sorter med enkle grep. - Vi skal få fram at avfall bør sorterast heime før det vert levert til gjenvinning, og at sortering under oppussing kan gjerast med enkle grep, seier kampanjeleiar Sylvelin Aadland frå LOOP.

LOOP har inngått samarbeid med ein av årets største norske spelefilmar, Norske Byggeklosser, som er ei nyinnspeling av kultklassikaren med Rolv Vesenland frå 1972.

Dette samarbeidet gir sortere.no og alle deltakarar i kampanjen høve til å bruke karakterar, bilete og klipp frå filmen.

Skal totalrenover bustad. I filmen møter vi eit par som skal totalrenovere bustaden sin, og dette gir eit godt høve til å setje fokus på nettopp sortering, avfallsminimering og gjenbruk.

Atle Antonsen spelar ikkje mindre enn 11 roller i filmen - mellom dei Ottis som sit i bua på gjenvinningsstasjonen.

- Sorteringseksperten Ottis har fått ein naturleg plass i kampanjen vår. Han har sjølvsagt fått hovudrolle i kampanjefilmen som alle kommunar og IKS som deltek i kampanjen, vil kunne bruke i sin kommunikasjon lokal, seier Sylvelin Aadland.

Heile 48 IKS frå Finnmark Miljøtjenete i nord til Avfall Sør i sør - og mellom dei Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) - er med på kampanjen. Til saman dekkjer kampanjen 300 kommunar og over tre millionar innbyggjarar.

God erfaring med felles nasjonale kampanjer. LOOP har gjennom åra fått god erfaring i å utvikle og drive nasjonale kommunikasjonskampanjar for avfallsbransjen.

Norske kommunar er gode på å samarbeide og utvikle avfallsløysingar på tvers av kommunegrensene.

- Når vi står saman om ein felles kampanje på denne måten, får vi ikkje berre ekstremt god valuta for pengane, men bodskapen får større gjennomslagskraft når ein kommuniserer både lokalt og nasjonalt, uttalar dagleg leiar i LOOP, Hildegunn Iversen.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12:00

Tømekalender