vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(14.05.2018 - Kl. 12.00)

Folk langs Vartdalstranda samla inn mest avfall

Grasrot-mobilisering utan sidestykke

Folk langs Vartdalstranda, frå Vartdal til Barstadvik, samla inn desidert mest avfall i samband med strandryddeveka - heile 2.440 kilo. I nedslagsfeltet til VØR har vi så langt kome opp i 12.842 kilo.

Men om vi også tek med ei utrangert kunstgrasbane som i fleire år har vorte liggande att i naturen ved eit bustadfelt, vil vi kome over 25 tonn totalt. VØR måtte nytte kranbilen til Retura for å hente inn kunstgrasbane som åleine vog over 12,5 tonn.

Rekordmange. I år deltok rekordmange, og rundt tre gongar så mange som i fjor gjekk rundt og rydda langs strender og vassdrag.

VØR har registrert 83 strand- og elve-ryddarar i portalen til Hold Norge Rent.

I tillegg har mange registrert seg på eiga hand. Dermed er det grunn til å tru at vi snakkar om rundt 100 personar som har rydda langs strender, elevar og vassdrag i Volda og Ørsta.

Det dreiar seg om heile spekteret frå einskildpersonar, familiar til lag og organisasjonar.

Stor innsats. Mange har gjort ein fantastisk innsats. I år, som tidlegare år, merka elevane ved Liadal skule seg ut. Frå Raudøya kom dei til lands med 685 kilo rusk og rask - mellom anna bildekk, nokre av dei på felg.

Verd å nemne er også elevar og lærarar ved Volda ungdomsskule, som på strekninga frå Andaneset til Munken samla saman 890 kilo.

Vi har vore vitne til ei mobilisering på grasrota heilt utan sidestykke. Vi trur også at mange har fått opp augene for at vi ikkje lenger kan kaste så mykje avfall rett i naturen.

Ulovleg dumping. Fleire stader har dei som har rydda, kome over ulovleg dumping av avfall, slik som til dømes i stranda mellom Hovdebygda og Digernes. Der vart det fjerna gamle bildelar, ein plenklippar, ei motorsag og kjemikaliar - alt saman slikt avfall som det er gratis å levere på miljøstasjonen til VØR.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender