vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(08.08.2017 - Kl. 13.38)

Forskar på plast på strendene i nedre Telemark

Samarbeid mellom tre kommunar og Naturvernforbundet

Forsking skal gje svar på kva type plast som vert skylt i land på strender i nedre Telemark, skriv tidsskriftet Kretsløpet.

Og ikkje berre er målet å finne ut kva type plast det dreiar seg om, men også kvar den kjem frå.

Teknologisenteret Normer har fått i oppdrag av kommunane Porsgrunn, Bamble og Skien i samarbeid med Naturvernforbundet å finne ut av dette. Prosjektet har fått namnet "Plast på avveie langs Telemarkskysten".

Forskar og prosjektleiar Jorunn Nilsen opplyser at plastfunna grovt sett kan delast i fire grupper:

Det dreiar seg om mykje plastpellets som vert brukt til produksjon av plastpartiklar. Dette har truleg samanheng med at det finst slik industri i nærleiken.

Vidare dreiar funna seg om plastskum som isopor og polyuretanskum, ein del plastavskav og sist men ikkje minst, mykje tauverk.

Dei er no i gang med djuptgåande analyser, som viser variasjonar i dei ulike funna og ut frå dette prøver dei å spore kvar plasten kjem frå.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender