vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
Styreleiar Harald Nordal og assisterande direktør Erlend Haugsbø ved Ørsta-verksemda  Hyperthermics Energy AS.
(19.05.2017 - Kl. 14.12)

Fortalde om varmekjære bakteriar som får fart på biogassproduksjonen

Hyperthermics Energy AS har si heilt spesielle løysing

Styreleiar Harald Nordal og assisterande direktør Erlend Haugsbø i Ørsta-verksemda Hyperthermics Energy AS i Ørsta orienterte fredag dei daglege leiarane i VØR, SSR, ÅRIM og Tussa om bruk av varmeelskande bakteriar for å få fart på biogassproduksjonen.

Det er snakk om hypertermofil biologisk behandling, slik som ved Lindum i Drammen der Hyperthermics Energy AS er engasjert i eit pilotprosjekt.

Bakgrunnen for orienteringa er planane til VØR og samarbeidande partar om å etablere eit biogassanlegg på det nye industriområdet på Melsgjerdet, der VØR heilt sikkert skal byggje ein omlastingsstasjon for matavfall og restavfall – og kanskje også eit biogassanlegg.

I følgje eit forprosjekt utarbeidd av Rambøll vil eit biogassanlegg med ein kapasitet på 53.000 tonn, og som baserer seg på matavfall og husdyrgjødsel - med halvparten av kvar sort, vere realistisk.

Det vil vere rimelegare for renovasjonsselskapa på Sunnmøre at matavfallet vert handtert lokalt, enn at det vert sendt til biogassanlegg på Austlandet eller i Sverige.

Alle dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre har planar om å starte utsortering av matavfall dei næraste åra.

Etter eit møte på Ørsta rådhus i slutten av mars, der bønder i Volda og Ørsta var målgruppa, vart det klart at ein no har på plass halvparten av den mengda husdyrgjødsel som må inn i eit biogassanlegg.

Det er vidare stor vilje blant bøndene til å ta tilbake bioresten, som er eit fullverdig gjødselprodukt som kan erstatte kunstgjødsel.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender