vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(31.10.2017 - Kl. 09.03)

Framleis behandling av farleg avfall på Langøya

Skal unngå trafikk gjennom område der det bur folk

Det vil framleis foregå behandling av uorganisk farleg avfall på Langøya, skriv tidsskriftet Kretsløpet, og viser til det nye forslaget frå NOAH om framtidig deponering.

Denne løysinga har NOAH arbeidd med det siste året, mykje på grunn av stor motstand både i Brevik og på Rausand i Nesset der det begge stader har vore stor uro mot planane om å ta imot uorganisk farleg avfall.

Kretsløpet skriv at det nye opplegget går ut på at dagens slurry skal avvatnast til stabile og tørre gipskaker, som så vert frakta til gruvene i Brevik for deponering. Der skal det etablerast ei ny kai, slik at ein unngår trafikk gjennom område der det bur folk.

- Vi vil med denne løysinga verken kunne sjåast, høyrast eller luktast, forklarar direktør Carl Hartmann i NOAH til Kretsløpet.

Han meiner at NOAH med sitt nye forslag langt på veg har teke bekymringane til innbyggjarane i Grenland på alvor.

- Vi vil ikkje etablere noko behandlingsanlegg nær der det bur folk, men framleis behandle det farlege avfallet på Langøya, forklarar han.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender