vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(09.11.2017 - Kl. 15.36)

Fryktar at eige avfall kan verte handtert og gjenvunne i lukka kretsløp

Avfall Norge teiknar eit bilete av ein bransje i rask endring

Dei raske endringane som skjer i avfalls- og gjenvinningsbransjen, byr både på moglegheiter og trugslar, går det fram av strategiplanen til Avfall Norge for perioden 2018-2022 som vart vedteken i styret onsdag 8. november.

Avfall Norge peikar på at nye aktørar ser store moglegheiter innanfor ein vid definisjon av sirkulærøkonomien. Globalt leiande næringsaktørar kan skjå det som ein konkurransefordel å handtere og gjenvinne sitt eige avfall i lukka kretsløp.

Vidare kan ny kunnskap og teknologi skape innovasjonar som endrar heile verdikjeden. Derfor må avfalls- og gjenvininingsbransjen vere førebudd på ny kompleksitet og å møte ny konkurranse frå andre typar bedrifter.

Kjerneverksemd. Innleiingsvis vert det understreka at effektiv innsamling og gjenvinning av avfall er kjerneverksemde til medlemsbedriftene i Avfall Norge i dag. Å sørge for at avfallet vert samla inn og handtert på rett måte, vil vere ei viktig oppgåve også i dei komande åra.

Men avfalls- og gjenvinningsbransjen vert samstundes påverka av trendar som krev evne til endring og omstilling. Takta på endringane vil auke. Digitalisering, urbanisering, demografisk utvikling og klimaendringar stiller samfunnet vårt overfor nye utfordringar. Dette er utfordringar der bransjen kan bidra med gode løysingar, trur Avfall Norge.

Råvare for nye produkt. Sjølv om avfall i fleire samanhengar er noko ein primært må ta hand om på forsvarleg måte, har avfall gjennom dei siste åra i stadig aukande grad blitt ein råvare for nye produkt.

I framveksten av den nye sirkulærøkonomien vil avfalls- og gjenvinningsbransjen vere ein sentral katalysator for auka ressurseffektivitet, og ein meir berekraftig økonomi også i eit klimaperspektiv.

Komande rammevilkår med ambisiøse gjenvinningsmål vil vidare krevje nye investeringar og nye former for samarbeid, både etter modellane offentleg-privat og offentleg-offentleg.

Bransjens samfunnsbidrag aukar. Det heiter vidare i strategiplanen at endringane i retning av sirkulær økonomi har auka bransjen sitt samfunnsbidrag. Det er skapt nye moglegheiter for verdiskaping, og potensialet er enno på ingen måte teke ut.

I ein sirkulær økonomi er avfall råstoff for ny produksjon, noko som reduserer bruken av jomfruelege ressursar, gir meir effektiv ressursutnytting, auka gjenbruk, materialgjenvinning og energigjenvinning av det som gjenstår som avfall.

Navet i sirkulærøkonomien. Avfall Norge ser det slik at avfalls- og gjenvinningsbransjen skal få den naturlege posisjonen som "navet i sirkulærøkonomien".

Avfall Norge skal hjelpe medlemmene til å utnytte moglegheitene for å bli dette, men også for å ruste bransjen for ny konkurranse og nye utfordringar i ein periode med store og raske endringar.

Det skal mellom anna jobbast for å flytte økonomien oppover i avfallspyramiden.

Nettverk. Ein viktig del av det faglege arbeidet skal utførast av representantar for medlemmene gjennom deltaking i faggrupper, nettverk og prosjekt.

Vidare vil politikarar, embetsverk, media og oponion vere sentrale målgrupper for Avfall Norge, og det vil vere viktig å utvikle kunnskap og kompetanse internt i organiasjonen, ligge fagleg i front innan prioriterte fagområde og følgje utviklinga innan sirkulærøkonomien tett.

Ja, Avfall Norge skal rett og slett vere eit fagleg kompetansesenter for bransjen.

I etterkant av strategiplanen skal Avfall Norge ta fatt på arbeidet med å utvikle ein detaljert og prioritert utviklingsplan for 2018, og samstundes skissere hovudtiltak for åra i perioden 2019-2022.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender