vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
Nytt i Uka i Ålesund skreiv om Viking Gjenvinning onsdag 4. oktober.
(06.10.2017 - Kl. 08.51)

Giske-bedrift mottaks- og behandlingsanlegg for kasserte fritidsbåtar

-Sanering av fritidsbåtar er upløgd mark

Viking Gjenvinning AS i Giske har fått godkjenning av Miljødirektoratet til å vere mottaks- og behandlingsanlegg for kasserte fritidsbåtar, går det fram av ei pressemelding frå selskapet.

Bak selskapet står Geir Istad og Ken Andre Breivik. Dei to eig kvar sin halvpart av selskapet som vart etablert på tampen av fjoråret.

Geir Istad, som er dagleg leiar, har bakgrunn frå avfallsbransjen, medan Ken Andre Breivik har industribakgrunn.

Viking Gjenvinning AS held til i det tidlegere Atlantic-bygget i Geilevika på Godøya, der dei disponerer 4.000 kvadratmeter. I første omgang vert dei fire tilsette, men dagleg leiar Geir Istad både håper og trur at dei etter kvart vert flere.

Viking Gjenvinning AS er eitt av få selskap i heile landet som har fått slik godkjenning av Miljødirektoratet.

Selskapet vil ta imot kasserte fritidsbåtar frå Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og deler av Sogn og Fjordane. I tillegg vil dei tilby interkommunale renovasjonsselskap å ta imot kasserte fritidsbåtar inntil 15 fot, som frå og med 1.oktober kunne leverast vederlagsfritt til renovasjonsselskapa.

Det vert i hovudsak den statlege tilskotsordninga som kom i stand i samband med  statsbudsjettet som skal finansiere det arbeidet som Viking Gjenvinning skal gjere.

- Dette er upløgd mark og nybrottsarbeid, seier Geir Istad. Han ser for seg at når det gjeld båter under 15 fot, vil hovedtyngda dreie seg om båtar av glasfiber, medan dei større båtane som kjem inn i starten vil vere bygde av tre.

Når det gjelder glassfiber, vil ein del gå til materialgjenvinning og ein del til deponi. Først når ein har halde på ei stund, vil ein kunne seie noko sikkert om forholdet mellom deponi og materialgjenvinning.

Når det gjelder trevirke vil det verte snakk om både forbrenning og materialgjenvinning. Når ein skal sanere båtar, vil det også bli ein del skrapmetall.

Viking Gjenvinning AS satsar i første omgang på at transporten skal skje på sjøen. Dei har eigen lekter og er i kontakt med kystreiarlag om transportoppdrag.

- Båtar inntil tre tonn tek vi imot gratis, medan eigarane må betale noko for dei som er større, seier Geir Istad.

- Han opplyser vidare at Viking Gjenvinning AS hentar båtar i heile Møre og Romsdal, Sør-Trøndelag og i deler av Sogn og Fjordane. Det skjer enten med bil, lekter eller som slep på sjøen.

 

 


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender