vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(22.09.2017 - Kl. 14.44)

Halvard (20) første lærlingen i VØR

Viktig å skaffe seg fagbrev

Halvard Svensli (20) er den første som nokon gong har inngått lærekontrakt med Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR).

Han har eit og eit halvt år med praksis og teori framfor seg, før han kan ta eksamen og få fagbrev i gjenvinningsfaget.

Han kjenner VØR godt og har allereie fått prøve seg på mange forskjellige slags arbeidsoppgåver, etter å ha hatt VØR som sin arbeidsplass dei siste to åra.

Halvard Svensli, som er fødd og oppvaksen på Lid i Volda, gått to år på vidaregåande skule i Ørsta, først vg1 teknikk og industriell produksjon og så vg2 arbeidsmaskiner.

Han har eit familiært forhold til VØR. Faren, Odd Martin Svensli, har i fleire år vore sjåfør i VØR. Også bestefaren, Magnar Lid, og onkelen, Ivar Arne Lid, jobba fleire år i selskapet.

Halvard Svensli meiner det viktig å skaffe seg fagbrev med tanke på å skaffe seg ein fast jobb.

Når han har fylt 21 år, er planen vidare å skaffe seg førarkort for stor bil.

Retura Søre Sunnmøre, som er eit heileigd dotterselskap til VØR, har hatt lærlingar sidan 2012.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender