vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(12.07.2018 - Kl. 09.57)

Handelens Miljøfond i gang frå midten av august

Dei store aktørane innan varehandel er med

Ved å betale inn 50 øre per plastpose til eit fond, tek handelsnæringa grep for å redusere forbruket av plastposar, redusere forsøplinga knytta til plast og auke ressursutnyttinga av plast.

Frå 15. august er Handelens Miljøfond oppe og går. Det vart skipa i november 2017, og har dei store aktørane innan varehandel som medlemmer.

Mellom anna COOP, NorgesGruppen og Rema. Vidare Vinmonopolet, Kolonial.no, Varner, Hennes & Mauritz og One Bag Habit. Og det er grunn til å tru at endå fleire vert med på laget.

Etterleve EU-direktiv. Føremålet med fondet er å kunne etterleve EUs "plastposedirektiv" som krev reduksjon i bruk av plastposar, eller at det vert teke betalt for plastposar over disk. Norge har valt det siste.

Handelen og Klima- og Miljødepartementet har kome fram til ei felles forståing, der handelen sjølv tek ansvar for å redusere dei negative konsekvensane av bruk av plastbæreposar.

Ein reknar med at Handelens Miljøfond vil kunne bruke mellom 300 og 400 millionar kroner i året på tiltak for å redusere plastposebruk, redusere plastforsøpling og auke ressursutnyttinga av plast.

Når Handelens Miljøfond er i gang i midten av august, vil medlemmene bidra med 50 øre per plastbærepose til fondet.

Miljøet den store vinnaren. - Dette er ei god nyheit for miljøet, uttalar Eirik Oland, dagleg leiar i Handelens Miljøfond, gjennom ei pressemelding og legg til:

- Det er eit viktig signal når Klima- og Miljødepartementet er villig til å la næringslivet sjølv etablere konstruktive løysingar som sikrar at pengane som vert samla inn går til miljøtiltak. Dette kombinert med låge administrative kostnader både for det offentlege og næringslivet, gjer dette til ein vinn-vinn-situasjon, der miljøet er den store vinnaren, seier han.

Oland meiner dette er ei kjempesatsing for å redusere miljøproblema knytta til plast.

- Vi kan alle verte meir medvitne på korleis vil brukar plast i kvardagen, seier han.

Utlysing i løpet av 2018. Pengane som kjem inn til Handelens Miljøfond, vil gå til å støtte tiltak som reduserer plastbæreposeforbruket, og vidare til tiltak som styrkar arbeidet mot marin- og landbasert plastforsøpling - primært nasjonalt men også internasjonalt.

Ein vil og kunne støtte tiltak som styrkar arbeidet med auka ressursutnytting av plast, til dømes plastgjenvinning.

Uavhengige ekspertar har gitt Handelens Miljøfond råd om korleis pengane bør brukast, slik at dei  kjem best mogleg til nytte for miljøet. Det vil verte lyst ut midlar i løpet av hausten 2018.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender