vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(08.08.2017 - Kl. 09.33)

Har rydda og samla inn 16 tonn rusk og rask frå strender og vegkantar

Auka merksemd på konsekvensane av marin forsøpling

Sidan før påske og fram til sommarferien har frivillige i Volda og Ørsta rydda og samla inn nær 16 tonn med rusk og rask frå strender og langs vegkantar.

Det viser oversikta som Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) har utarbeidd, saman med frivlligsentralane i dei to kommunane og Naturvernforbundet for Volda og Ørsta.

Raudøya, Vekslet, Festøya og området frå Lid til Selbervika peikar seg ut som stader der det i år vart fjerna svært mykje avfall. Det er også grunn til å nemne ryddeaksjonen gjennom heile Bondalen i påska.

Auka merksemd på marin forsøpling – og ikkje minst kvalen utanfor Bergen med magen full av plast, har vore med på å få augene opp for folk – og har gjort at stadig fleire ynskjer å vere med på å rydde opp.

Oversikta som VØR har utarbeidd, viser at det har vore sett i gang rundt 30 større og mindre ryddeaksjonar i dei to kommunane. Og det er grunn til å tru at fleire hundre personar har vore i sving.

Vert det ikkje rydda, vil rusk og rask som nokon har slengt frå seg langs vegkantene før eller seinare hamne i sjøen og bidra til marin forsøpling.

Runde Miljøsenter har sidan i januar hatt ei utstilling som viser dei alvorlege konsekvensane av marin forsøpling.

Dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) og Ålesundregionen interkommunale miljøselskapa (ÅRIM), har i samarbeid med Runde Miljøsenter og Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal denne våren hatt ein mindre variant av utstillinga på Runde på fleire bibliotek på Sunnmøre.

I løpet av hausten skal denne utstillinga innom endå fleire av biblioteka, slik at elevar og barnehagebarn som besøker biblioteket på ein lett måte kan få kunnskap om kva konsekvensar tilgrising i naturen fører med seg.



Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender