vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(15.05.2017 - Kl. 14.47)

Har samla inn dobbelt så mykje avfall som i fjor

Ivrige ryddarar har fjerna åtte tonn avfall frå naturen i Volda og Ørsta

Resultatet av vårens ryddedugnad, med utgangspunkt i strandryddeveka og strandryddedagen laurdag 6. mai, viser at mengda avfall samla inn i Volda og Ørsta   dobbelt så stor som i fjor.

Dagleg leiar i Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), Petter Bjørdal, seier at det er lagt ned ein stor innsats av mange aktørar for å halde naturen og matfatet vårt reint.

- Pengar er ikkje det viktigaste i denne saka, men om vi vurderer innsatsen med samfunnsøkonomiske auge, vil vi sjå at samfunnsinnsatsen kjem opp i rundt ein halv million kroner, seier Bjørdal.

Han tek då med arbeidsinnsatsen som er lagt ned av dei to kommunane – med dei to frivilligsentralane inkludert, alle dei mange frivillige som i løpet av våren har vore ute og rydda, Naturvernforbundet for Volda og Ørsta og Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR), som har spela ei sentral rolle når det gjeld å samordne ryddedugnaden og å hente inn det som har vore samla inn rundt om i dei to kommunane.

Tala frå 2016 viser at det innan 17. mai i fjor vart samla inn rundt 4.000 kilo avfall i samband med strandryddeveka og strandryddedagen.

Så langt i år har vi kome opp i  vel 7.500 kilo. Men det har meldt seg på endå fleire som ynskjer å rydde. Når siste rest er samla inn, vil ein kome godt over 8.000 kilo. Det vil seie ei dobling i høve til fjoråret.

Oversikta som VØR har utarbeidd, viser at det er samla inn vesentleg meir i Ørsta enn i Volda.

Ei forklaring er nok at område som Raudøya, der det åleine vart samla inn 1780 kilo og nesten ei fjerdedel så langt, dreg opp.

Raudøya ligg slik til at havstraumar og ver og vind legg avfall som kjem langvegs frå opp i fjøresteinane der.

På området rundt Festøya vart det samla inn 1100 kilo og på strekninga frå Sæbø til Brungot til saman 1020 kilo.

Det er ikkje berre i Volda og Ørsta at det har vore samla inn store mengder avfall i vår.

I følgje Vikebladet/Vestposten er det i regi av Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) i år samla inn 17 tonn, mot seks tonn i heile fjor.

Romsdals Budstikke skriv at det i regi av Romsdalshalvøya interkommunale renovasjonsselskap er samla inn 15 tonn avfall i år.

Og meir kan det bli. Mykje tyder på at årets ryddesesong i år vil strekke seg lenger utover sommaren og hausten enn tidlegare.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender