vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(14.02.2018 - Kl. 09.57)

Har tru på at sirkulærøkonomien skal verte lønsam

Skal få større del av avfallet inn i industriell verdikjede

Reynir Indahl (47), som var hjerna bak "reetableringa" av Norsk Gjenvinning i 2011 og rett før jul kjøpte selskapet gjennom Summa Equity der han sjølv eig 30 prosent, har tru på at sirkulærøkonomien skal verte lønsam.

Han satsar på at dei skal klare å få ein stadig større del av avfallet inn i si industrielle verdkjede, skriv tidsskriftet Kretsløpet som har snakka med Reynir Indahl og konsernsjef Erik Osmundsen.

Knappeheit på råvarer. Reynir Indahl seier at vi her til lands er heilt avhengige av å gjenvinne ressursane våre med tanke på at det i dag er global knappheit på råvarer.

Han fortel at Norsk Gjenvinning jobbar kontinulerleg med å finne kundar som vil kjøpe resirkulerte råvarer, og at selskapet også jobbar for å sikre høg kvalitet og effektive verdikjeder for materialane som vert gjenvunne, slik at dei vert konkurransedyktige mot primærråvarene.

God investering. Det var eguity-fondet Altor III som kjøpte Norsk Gjenvinning i 2011. Den gong uttalte den same Reynir til Kretsløpet at han forventa 20 prosent årleg avkasing på investeringa, og i dag seier han at Norsk Gjenvinning har vore ei god investering.

Det selskapet dei tok over i 2011 karakteriserer han som ein fragmentert skraphandel som til dels var prega av det han kallar for ein uprofesjonell kultur. Det er brukt mykje pengar på å rydde opp.

Tid for vekst. - Gjennom denne prosessen er det levert solide og positive resultat, og 2017 har vore eit svært godt år, uttalar han og legg til at no er tida inne for vekst.

Han fortel at dei i det vidare arbeidet forsøker å identifisere globale megatrendar og utfordringar, og har enda opp med fire:

* Demografiske endringar - i og med at folketalet på jorda vil auke frå sju til 10 milliardar.

* Betre ressursutnytting.

* Energieffektivisering.

* Teknologiutvikling - ikkje minst i form av digitalisering.

Spissar investeringar. - Vi spissar våre investeringar imot selskap som arbeider med å løyse desse utfordringane. Her passar Norsk Gjenvinning perfekt inn, seier Indahl.

Då Kretsløpet nemner at gjenvinningsandelen i Norge står stille og at mange viktige råvarer har falle i pris, og spør kva som skal til for å få fart på dette igjen, er svaret han gir at ein må ha eit lengre perspektiv enn oljeprisfall og kinesiske importrestriksjonar.

- Men det er klart at vi ynskjer oss regulatorisk medvind, og at styresmaktene vert meir ambisiøse og set hårete mål, seier han og legg til at her fåt ein god hjelp frå EU.

Lite viktig kven som eig. Når det gjeld eigarskap, uttalar Reynir Indahl at det viktige ikkje er kven som eig eit selskap, men at det vert drifta profesjonelt.

- Vi finn gode eksempel både blant familieeigde og kommunalt eigde selskap med eit langt perspektiv, og blant børsnoterte selskap som er opptekne av resultatet det enkelte kvartal. Privat equity er ei eigarform som gir god kraft til forandring og til å nå spesifikke mål i løpet av eit antal år, seier han og legg til at Astor III ikkje har teke ut ei krone i overskot frå Norsk Gjenvining. Pengane som er tent er ført tilbake til bedrifta.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender