vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(27.09.2017 - Kl. 11.58)

Kan levere kasserte fritidsbåtar under 15 fot vederlagsfritt til VØR

Viktig at gamle fritidsbåtar ikkje hamnar i naturen

Frå 1. oktober vert det høve til å levere kasserte fritidsbåtar under 15 fot og utan innanbordsmotor vederlagsfritt til miljøstasjonen ved Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR). Også kajakkar, kanoar og liknande farkostar kan leverast.

Refusjon. Miljødirektoratet har etablert ei tilskotsordning som går ut på at det vil vere mogleg å få ein refusjon på 1.000 kroner per båt. Refusjonsordninga gjeld båtar heilt opp til 15 meter (49,21 fot). Tilskotet er meint å dekkje heile eller deler av utgifter knytt til transport fram til lovleg mottak.

Den som leverer fritidsbåten må sjølv søkje om refusjon. Det gjer ein gjennom Miljødirektoratet sitt elektroniske søknadssenter. Ei stadfesting frå mottaket om at båten er levert, må leggjast ved søknaden. Det er laga eit eige skjema for dette som ein også finn på heimesida til Miljødirektoratet.

Godkjende mottak. Større fritidsbåtar opp til 15 meter (49,21 fot) skal gå til mottak som har fått løyve til å handtere større fritidsbåtar. I Møre og Romsdal har Viking Gjenvinning, som held til i Geilevika på Godøya i Giske kommune, fått slikt løyve.

Avfallsføreskrifta er endra med verknad frå 1. oktober i år. Dermed har kommunane fått ansvar for å ta imot mindre fritidsbåtar som er å sjå på som avfall i høve forureiningslova. Dei kan leverast vederlagsfritt.

Løyving over statsbudsjettet. Bakgrunnen for den ordninga som no har kome på plass, er at Stortinget tidlegare i år løyvde 300 millionar kroner til mottak av kasserte fritidsbåtar, motorsyklar, mopedar, varebilar, bubilar og campingvogner.

Kommunar og godkjende private anlegg som behandlar kasserte fritidsbåtar inntil 15 meter, kan få tilskot frå tilskotsordninga. Tilskotssatsane skal dekkje kostnader og gjere det attraktivt å etablere mottak for fritidsbåtar. Desse tilskota vert betalt ut av Miljødirektoratet.

Med denne ordninga vonar miljøstyresmaktene at fleire kasserte fritidsbåtar vert levert til mottaksanlegg som kan tilby miljømessig forsvarleg behandling.

Kan skade miljøet. Båtane kan ha delar som kan skade miljøet, og det kan vere farlege stoff i botnstoffet.

Flesteparten av dagens fritidsbåtar er laga av komposittmaterialar.

Dumping av utrangerte båtar vil føre til nedbryting, noko som over tid vil føre til meir mikroplast i havet.

Materialgjenvinning og energiutnytting av båtane vil vidare gi reduserte klimagassutslepp.


 


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender