vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(10.01.2018 - Kl. 11.13)

Kommunale avfallsselskap bidreg til sirkulær økonomi

Else-May Botten (Ap) saksordførar for stortingsmelding om avfall

KS Bedrift Avfall meiner at dei kommunale avfallsselskapa spelar ei avgjerande rolle i den sirkulære økonomien, som mellom anna går ut på bruke opp att dei råvarene som ligg i avfallet gong etter gong.

Desse selskapa bidreg til nasjonal verdiskaping og gode løysingar lokalt, vert det understreka.

Else-May Botten saksordførar. I midten av denne månaden startar Stortinget på handsaminga av stortingsmeldinga om avfallspolitikk og sirkulær økonomi, med stortingsrepresentant Else-May Botten (Ap) frå Møre og Romsdal som saksordførar.

KS Bedrift Avfall har store forventningar til det som no skal skje, og understrekar at tida er moden for konkrete verkemiddel for å nå måla som er skissert i meldinga.

Kan vise veg. KS Bedrift Avfall trur Norge har moglegheit til å vise veg og kan leggje inn eit ekstra gir for å nå dei svært så ambisiøse måla når det gjeld materialgjenvinning.

Avfallsbransjen sitt viktigaste bidrag inn i den sirkulære økonomien, vert å sikre at avfallsressursane vert utnytta meir effektivt.

Det vert vist til at dei kommunale avfallsbedriftene si hovudoppgåve er å handtere hushaldsavfall. Gjennom dette arbeidet har dei verdifull erfaring og kompetanse.

Dei har også i mange år bidrege til nye løysingar for eit betre miljø og meir gjenvinning. No trengs det endå fleire effektive tiltak for å dra oss i till eit nytt nivå.

God kvalitet viktig. KS Bedrift Avfall meiner det i tida framover vert endå meir viktig å sikre at ein større del av avfallsressursane held god kvalitet, slik at dei kan nyttast i ny produksjon.

Men det vert ei formidabel oppgåve å gå frå dagens 36 prosent materialgjenvinning til 65 prosent i 2035, slik EU har foreslått og som truleg vert endeleg vedteke i løpet av 2018.

Derfor meiner KS Bedrift Avfall at politikarane allereie no må innføre effektive verkemiddel.

Sikre etterspørsel. I det vidare arbeidet vert det viktig ikkje berre å auke materialgjenvinninga, men også å sikre etterspørsel etter utsorterte materialar.

For å klare dette, vil det vere behov for store investeringar i sorteringsanlegg og sorteringsteknologi.

Ein må utvikle kvalitetskriteriar og skape velfungerande marknader for utsortert materiale/sekundære råvarer. Det vil vere behov for ei ny vurdering av avfallsstraumar og organisering av ansvar.

Det må vidare snarast etablerast investeringsordningar for å sikre at det vert bygd topp moderne sorteringsanlegg.

Utan investeringar i ny teknologi, vert det vanskeleg å utnytte avfallsressursane endå  meir effektivt og i tråd med sirkulærøkonomisk tenking.

Må bruke gjenvunne materiale? KS Bedrift Avfall tenkjer seg som ei aktuell løysing, at eit av verkemidla kan vere å innføre krav om at nye produkt vert produsert av gjenvunne materiale, vel å merke der dette er mogleg.

I ein overgangsfase kan eit effektivt verkemiddel vere å gi økonomisk kompensasjon til produsentar som vel dette - eller å gebyrleggje dei som ikkje gjere det.

Likt avfall bør behandlast likt. KS Bedrift Avfall peikar også på at det er nødvendig å sjå nærare på dagens organisering av avfallsstraumar.

Det er lite effektivt at bananskalet som vert kasta på jobb, heime eller på treninga, vert handtert på tre forskjellige måtar.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00



Tømekalender