vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(03.09.2018 - Kl. 13.17)

Mange avfallsbrannar i sommarvarmen

19 brannar i gjenvinningsanlegg så langt i år

Både i 2014 og i år hadde vi varme og tørre somrar. Begge gongane brann det heftig ved ved mange avfalls- og gjenvinningsanlegg rundt om i landet.

Storbrann hos Revac. Brannsesongen denne sommaren vart innleie med storbrannen hos Revac. Denne brannen skulle vise seg vanskeleg å sløkke fordi det brann inne i eit bygg som kunne rase saman.

I følgje tidsskriftet Kretsløpet, som dekkjer avfalls- og gjenvinningsbransjen, er det så langt i år registrert 19 brannar i gjenvinningsanlegg. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har i tillegg får rapportar om fem bygningsbrannar i gjenvinningsanlegg.

I heile fjor var tilsvarande tal 36 brannar i gjenvinningsanlegg og sju bygningsbrannar i gjenvinningsanlegg.

Brannårsaka kan ikkje SSB seie så myke om. Forklaringa er at når brann- og redningsvesenet rapporterer brannar inn til DSB, så inngår ikkje brannårsak i rapportane.

Sjølvantenning. Men ved å saumfare dekning av slike brannar i media, kan ein sjå at der brannar har oppstått i avfallet, er det ofte mistanke om sjølvantenning på grunn av feil sortering.

Til dømes brukte batteri, klutar med treolje og anna farleg avfall som er levert saman med restavfall eller andre fraksjonar det ikkje høyrer saman med. Dette kan ofte føre til brann.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00



Tømekalender