vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(07.12.2017 - Kl. 13.24)

Mange leverer ofte frå seg skitten plastemballasje

Nyttårsforsett kan gje stor miljøgevinst

Ei måling som TNS har gjort på oppdrag frå Grønt Punkt Norge i Akershus og Oslo, viser at mange til tider leverer frå seg tilgrisa plastemballasje.

Over 10 prosent av dei spurde svarar at dei ofte leverer skitten emballasje i innsamlingsordninga for plastemballasje. 42 prosent gjer dette av og til, 30 prosent sjelden, medan berre 14 prosent med handa på hjartet kan seie at dei aldri leverer tilgrisa plast.

Dette er ikkje godt nok, tykkjer Grønt Punkt Norge, som ber folk vere nøye med å sjå til at emballasjen er tom og rein.

- Dersom alle lagar eit nyttårsforsett om å verte flinkare i 2018, kjem vi til å få ein stor miljøgevinst, uttalar adm. dir. i Grønt Punkt Norge, Jaana Røine, gjennom ei pressemelding som er sendt ut.

Kvart år leverer vi på landsbasis inn over 30.000 tonn plastemballasje. Men mat- og andre produktrestar gjer dessverre gjenvinningsarbeidet vanskeleg.

- Ver så snill og legg berre tom plastemballasje i plastreturen. Det beste er sjølvsagt at du skyl vekk produktrestane eller eventuelt gir emballasjen ein omgang med oppvaskbørsta. Men dersom det ikkje går, er det mykje betre at du kastar den skitne emballasjen i restavfallet, seier Røine.

Ho opplyser at om lag 80 prosent av den innsamla plasten vert gjevunne til nye plastprodukt, etter å ha vorte sortert i eit halvt dusin ulike kvalitetar.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12:00

Tømekalender