vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(09.07.2018 - Kl. 10.18)

Matemballasje i resirkulert plast?

Er omfatta av eit strengt regelverk

I dag er det ikkje lov å bruke resirkulert plast til matemballasje i Norge. Men nye testar viser at dette kan verte ein realitet, noko som i tilfelle vil kunne bidra til å gjere resirkulert plast til ein større ressurs, skriv Grønt Punkt Norge på si heimeside.

I dag går 40 prosent av plastproduksjonen i Europa til matvareemballasje. Forskarar innan plast jobbar på spreng for å møte EU-krav om mattryggleik for deg og meg, parallelt med at vi skal kunne ta resirkulert plast i bruk i matemballasjen.

Det er viktige årsaker til at dette framleis ikkje har vorte ein realitet i nordmenns kvardag. Hovudmålet med mat- og veterinærregelverket i EU er nemleg å sikre grunnleggjande trygg mat og hindre at mat og matproduksjojn bidreg til spreiing av smitte blant menneske, dyr og planter.

For å sikre dette, dekkjer regelverket heile matkjeda frå "jord til bord", inkludert det som skjer i primærleddet innan landbruk, fiskeri og oppdrett, i tillegg til transport, vidareforedling, lagring og omsetning til forbrukarar.

Test av helsefarlege kjemikaliar. Norner er eit leiande og uavhengig institutt for material- og plastindustrien, med meir enn 40-års industriell erfaring. Her er avanserte laboratorier for analyser og testing. I desse dagar arbeider dei mellom anna med å greie ut korleis vi kan ta til å bruke resirkulert plast i produksjon av matvareemballasje.

Ola Jan Myhre, med tittelen market manager i Norner, fortel om lovande resultat i samband med eit prosjekt som studentar ved Universitetet i Sørøst-Norge har teke del i.

Lukt og smak. - For å kunne bruke eit plastmateriale i matkontakt, skal ikkje materialet som vert brukt verken overføre lukt, smak eller helsefarleg kjemikaliar. Det vi undersøkjer nærare, er kjemikaliar i plasten. Vi utfører migrasjonstestar der vi senkar plasten ned i ei væske som simulerer maten, slik at ein kan sjå kor mykje kjemikaliar som finst i plasten. Kjemikaliane kjem til syne ved at dei legg seg som små fettperler på toppen, forklarar han.

Framleis ein veg å gå. Trass i gode resultat frå dei funna som studentane har gjort, er det framleis ei veg å gå før vi kan ta til å bruke resirkulert plast i matemballasje her til lands.

- Resirkulering er ikkje berre å samle inn - det handlar om resten av prosessen der ein burde verte flinkare til å utvikle teknologi for reinsing og sortering. Den må reingjerast så godt at den skal kunne brukast på nytt til matemballasje. Det er eit stort puslespel med mange bitar, men vi må starte ein stad. Resultata frå desse testane er eit steg i rett retning på vegen til at viktige kriterier er oppfylt for matemballasje, seier han.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender