vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(11.07.2018 - Kl. 09.31)

Mogleg å hindre spreiing av gummigranulat frå kunstgrasbaner

Forslag til føreskrift ut på høyring i haust

Kvart år vert minst 1.500 tonn gummigranulat frå norske idrettsbaner spreidd ut i naturen. Baner som brukar slikt materiale er vår nest største kjelde når det gjeld utslepp av mikroplast. Miljødirektoratet foreslår ei ny føreskrift for å hindre spreiing, og meiner det er mogleg å redusere utsleppa frå slike baner med opptil 98 prosent.

Det finst i dag om lag 1.700 kunstgrasbaner i Norge, og mange av dei brukar gummigranulat som fyllmateriale.

Klåre reglar. Miljødirektoratet meiner det er behov for klåre reglar for korleis kunstgrasbaner skal driftast og kva som kan gjerast for å unngå at fyllmateriale kjem på avvegar.

I februar i år ba Stortinget regjeringa om å utarbeide regelverk for oppsamling av gummigranulat frå kunstgrasbaner, og la til grunn at det nye regelverket skulle ta til å gjelde frå 1. januar 2019.

Så fekk Miljødirektoratet i oppdrag å lage forslag til reglar om dette, og har på kort tid utarbeidd eit utkast til ei ny føreskrift som stiller krav til utforming og drift av alle typar idrettsbaner som nyttar plasthaldig laust fyllmateriale.

- Eit av forslaga i føreskrifta er krav om ein fysisk barriere rundt bana. Tiltaket er effektivt, men kan verte kostbart å gjennomføre, seier direktør i Miljødirektoratet, Ellen Hambro, til direktoratet si eiga heimeside.

Stort sprik. Det er eit stort sprik i kostnadsoverslaga for dette tiltaket, frå konsulentfirmaet Norconsult og Norges Forballforbund - avhengig av korleis tiltaket vert gjennomført. For dette tiltaket er altså konstnadsvurderingane mest usikre.

Eit anna krav er forsvarleg handtering av drens- og overvatn, og at brukarar av bana skal verte informert om kva dei kan gjere for å avgrense utslepp i naturen.

Det vert foreslått at snø frå idrettsbana ikkje vert lagra utanfor bana, men på delar av bana eller i eigne snødeponi som sikrar at fyllmateriale ikkje forsvinn.

På grunn av avgrensa tid, har ikkje Miljødirektoratet god nok informasjon om kor mange av dagens baner som allereie heilt eller delvis tilfredsstiller krava i utkastet til føreskrift.

Fordi dette er usikkert, og fordi ein heller ikkje veit kva det vil koste å lage ein fysisk barriere rundt banene, kan ikkje direktoratet seie sikkert kva dei samfunnsøkonomiske kostnadene for tiltaka vert.

Skal velje bort plast. Nye fyllmateriale er under utvikling, og Miljødirektoratet forventar at miljøvennlege erstatningsprodukt kan kome på marknaden om ikkje altfor lenge.

Derfor vert det foreslått at dei ansvarlege for baner får plikt til å vurdere om plasthaldig fyllmateriale kan erstattast av andre miljøvennlege materiale.

Forslaget til føreskrift er no sendt over til Klima- og miljødepartementet, og vil i løpet av denne hausten verte sendt ut på høyring.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender