vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(06.12.2017 - Kl. 10.13)

Norge i bresjen for å stanse plastforsøpling av verdshava

Må ei haldningsendring til

Norge har gått i bresjen for å stanse plastforsøpling av verdshava. Når det på FNs miljø-toppmøte i Nairobi denne veka vert gjort eit historisk vedtak om å setje foten ned og stoppe denne forsøplinga, er det eit viktig signal. Men vedtaket åleine løyser ikkje problemet.

Det må ei haldningsendring til, og det må gjerast ein endå større innsats - både her til lands og i resten av verda, for å rydde langs strender og vassdrag.

Fjordane og havet kan ikkje lenger fungere som bossplass. Dei unge og heldigvis stadig fleire av den eldre generasjon, er i ferd med å få opp augene for at vi må endre åtferd. Vi har ikkje noko val om vi framleis skal kunne hente mat frå havet.

Plastavfall skal ikkje kastast i naturen, men i sekken med plast som så vert henta av VØR. Plasten som renovasjonsselskapet samlar inn, vert teken hand om av Grønt Punkt Norge som så sender plastavfallet vidare til gjenvinning.

Her slår marknadskreftene inn - og for augneblinken spelar dei ikkje på lag. Låg oljepris gjer at det er billigare å nytte olje til å produsere jomfrueleg plast, enn å nytte gjenvinnngsplast.

På den europeiske marknaden er det i dag store lager av gjenvinningsplast, som på grunn av billig olje har negativ verdi. Vi må likevel halde fram med innsamling av plast, og helst utvide ordningane. Og kanskje må styresmaktene setje inn stimuleringstiltak.

Norge har heldigvis velfungerande renovasjonsordningar. Og dei kan verte endå betre.

Å få til like gode renovasjonsordningar i andre land som i Norge, vil vere eit viktig bidrag for å løyse plast-probmemet.

I dag hamnar 15 tonn plast i havet kvart einaste minutt om vi ser heile verda under eitt. 

Dersom plastforsøplinga ikkje vert stoppa, vil det i 2050 vere meir plast enn fisk i verdshava.

Dette vil kunne truge livet i havet, og dermed også vårt eige matfat. Dette er bakgrunnen for at FN fattar dette historiske vedtaket.

Forbodet mot å kaste plast i havet vert samanlikna med røykelova som kom for 13 år sidan. Helseminister Dagfinn Høybråten (Kr.F) fekk mykje kjeft, men i dag er nok dei fleste samde om at  lova har vore avgjerande for folkehelsa

Og i dag forstår vi ikkje heilt korleis vi kunne halde ut all røyken både heime og i det offentlege rommet.

Skal vi få bukt med plastforsøplinga til havs, er det nok behov for fleire tiltak som kanskje ikkje vert så populære.

Det kan vere forbod mot eingongsplast og plastposar. På dette området viser land som Kenya, Rwanda og Frankrike veg. Men det er lov for land som Norge å kome etter.

For Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) og dei to andre interkommunale renovasjonsselskapa på Sunnmøre, har haldningsskapande arbeid for å redusere plastforsøplinga til havs, vore ei prioritert oppgåve dei siste åra.

Utstillinga som viser konsekvensane av plastforsøpling, er no på rundtur på biblioteka ved vidaregåande skular.

Dette er eit samarbeid der også Runde Miljøsenter og Fylkesbiblioteket i Møre og Romsdal er med. Samarbeidet kom i stand før gåsenebbkvalen med magen full av plast dreiv i land på Sotra utanfor Bergen.

Men den stakkars kvalen har vore til god hjelp, og fekk for alvor opp augene til folk flest om kor illle plastforsøplinga til havs har vorte.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender