vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(08.08.2017 - Kl. 13.09)

Ny generasjon biogass-trekkvogner

Nye modellar lansert

Fleire produsentar av tyngre køyretøy lanserer modellar som kan tankast opp med flytande biogass, skriv tidsskriftet Kretsløpet.

Dette er godt nytt for produsentar av biogass. Kretsløpet viser til at storbilprodusentane Scania og Iveco i byrjinga av mai viste fram sine nye generasjonar av trekkvogner under eit arrangement i Oslo.

Og får ein i stand eit visst antal brukarar og dermed ein marknad, vil det og vere mogleg å få til distribusjon av biogassen som mot slutten av året skal produserast på Skogn, der Biokraft vil ta i bruk verdas største fabrikk for produksjon av flytande biogass.

Dei nye trekkvognene har fått motorar som er konstruert spesielt for gassdrift. Det gir ei rekkevidde på 150 mil og ei langt betre effektkurve enn det gassdrivne motorar har hatt fram til no.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender