vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(13.02.2018 - Kl. 13.17)

Om å ha fleire hattar og møte seg sjølv litt i døra

Kan vere utfordrande når politikarar skifter roller

Om ein er politikar på toppnivå, gjeld det å passe på kva slags hatt ein har på hovudet. Det kan også vere lett å møte seg sjølv i døra.

Lite visste vel stortingsrepresentant Ola Elvestuen (V) i februar i fjor at han knapt eit år seinare skulle bli vår nye klima- og miljøminister.

15. februar 2017 var det spørjetime i Stortinget. Ein gåsnebbkval med magen full av plast hadde nettopp stranda i fjøra på Sotra utanfor Bergen, og kvalen enda sine dagar der.

Fekk augene opp. Denne hendinga fekk for alvor augene opp på folk for eit alvorleg og omfattande problem plastforsøplinga av havet har vorte.

Som den engasjerte, pågåande og miljømedvitne stortingsrepresentanten han er, nytta Ola Elvestuen (V) høvet til å stille dåverande klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) spørsmål om kva regjeringa gjer og vil gjere for å avgrense forbruket av plast og unngå at plast endar som avfall i verdshava.

Stort problem. I svaret sitt vedgjekk statsråd Vidar Helgesen (H) at plastforsøpling er eit gedigent problem, og kanskje vår tids raskast veksande miljøproblem. Og vidare eit problem som aksellererer klimaendringane.

- Desse meir ekstremver, og dess meir regn og flaum vi får, dess meir plast vert skylt ut i havet. For det er plast frå land som er hovudutfordringa, forklarte Vidar Helgesen i svaret sitt og la mykje av skulda for tingenes tilstand på at det er mangel på nasjonale avfallssystem, ikkje minst i dei store framveksande økonomiane.

- Det er der hovudutfodringa ligg, understreka Helgesen som også viste til at EU er i ferd med å meisle ut sin eigen plast-strategi.

Mykje plastsøppel frå EU. - Mykje av det som kjem til norsk kyst og norske farvatn, er plast frå EU-området, sa Helgesen.

At det her heime også skulle kome ei stortingsmelding om avfall, avfallspolitikk og sirkulær økonomi, var også nemnt i svaret frå Helgesen. Denne meldinga er for tida til behandling i Stortinget, med Else-May Botten (Ap) som saksordførar.

Ola Elvestuen (V) takka for svaret, og sa han ventar at det kjem fleire forslag på konkrete tiltak også frå regjeringa, slik at det vi faktisk gjennomfører ikkje berre er eit resultat av forhandlingar og initiativ frå Stortinget.

Det er nettopp her dette med å møte seg sjølv i døra kjem inn i biletet.

Må spørje seg sjølv. Som følgje av Venstre-leiar Trine Skei Grande sin iver etter å bli med i regjeringa saman med Høgre og Framstegspartiet, vart miljøpolitikaren Ola Elvestuen (V) for kort tid sidan vår nye klima- og miljøminister.

Og då skulle det vere såre enkelt; Om Ola Elvestuen ynskjer utfyllande svar på det spørsmålet som han stilte forgjengaren Vidar Helgesen (H) for eit knapt år sidan, er det berre å rette spørsmålet til seg sjølv!

Det kan sanneleg vere både kronglete og vanskeleg når politikarar skifter roller.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender