vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(02.01.2018 - Kl. 09.05)

Rydda 1.400 tonn marint avfall i 2017

Gåsenebbkvalen fekk augene opp på folk

I løpet av 2017 vart det rundt om i landet rydda nær 1.400 tonn marint avfall. Det viser Strandrydderapporten som Hold Norge Rent har utarbeidd.

Rapporten viser vidare at nær 49.000 frivillige har teke del i over 2.800 ryddeaksjonar. Den samanlagde strekninga som er rydda er på heile 2.200 kilometer.

Nye rekordar. Tala viser at nok ein gong vart tidlegare rekordar slått, både når det gjeld talet på deltakarar, talet på ryddeaksjonar, mengda innsamla avfall og kor mange kilometer som er rydda.

Det eksakte talet på frivillige som er registrert, er på 48.702. Dette er ein auka på 163 prosent samanlikna med 2016.

På landsbasis er det gjennomført 2.845 ryddeaksjonar, og dette er ein auke på 108 prosent i høve til året før.

Draghjelp av kvalen. Gåsenebbkvalen som stranda på Sotra med magen full av plast, er utvilsamt hovudårsaka til den store auken.

Men tilskotsordninga i regi av Miljødirektoratet har også gjort sitt til at vi har fått ei slik positiv utvikling, trur dagleg leiar i Hold Norge Rent, Lise keilty Gulbrandsen.

Tilskotsordninga for tiltak mot marin forsøpling har mellom anna sørga for ein framvekst av aktørarar som tek eit lokalt og regionalt ansvar for organisering og gjennomføring av opprydding.

- Oppblomstringa av lokale og regionale aktørar og prosjekt er viktige for arbeidet mot marin forsøpling og avgjerande for ei effektiv og regelmessig opprydding over heile landet, seier prosjektleiar Malin Jacob som har hatt ansvaret for utarbeiding av Strandrydderapporten.

Ho fortel at det vert rydda i alle fylke, både langs kysten og i innlandet langs vassdrag og innsjøar. I fjor kunne Hordaland vise til flest ryddeaksjonar, og toppar fylkeslista for første gong.

På tredje plass. Nordland, som har toppa denne lista fleire år på rad, ligg på andre plass, medan Møre og Romsdal har innteke tredje plass.

Totalt har alle dei frivillige ryddarane fjerna 1.374 tonn marint avfall i løpet av 2017, og dette er ein auke på 264 prosent samanlikna med 2016.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender