vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(28.02.2018 - Kl. 15.46)

Ryddar før fuglane kjem til Runde

100 personar rydda bort eit tonn rusk og rask i fjor

Runde Miljøsenter, saman med Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR), Runde Grendalag og Hold Norge Rent, arrangerer laurdag 10. mars ryddeaksjon på fugleøya - før fuglane kjem.

Dagen vert starta med kunnskapsdeling og ei lita matykt, før dei som har møtt fram får utdelt roder og hanskar.

I fjor melde 100 personar seg, og håpet er sjølvsagt at denne rekorden vert slått. Berre på nokre få timar i fjor vart det rydda bort eitt tonn.

Grunnen til at det er viktig å rydde, er at avkapp og anna tauverk har vist seg å vere ein stor del av reirmaterialet til havsula. Når ein ryddar, vil ein sikre at fuglane får eit reint område med minst mogleg plast.

Oppmøtet skjer på Runde Miljøsenter klokka 11 laurdag 10. mars.

Det vert arrangert tre båtturar rundt fugleøya, slik at dei som tek del i ryddinga får oppleve korleis det ser ut kring Runde akkurat denne dagen. Ein har 36 båtplassar til rådvelde. Etter klokka 11.45 vil det vere råd å skrive seg på liste for båttur.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender