vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(15.05.2018 - Kl. 10.12)

SV vil ha handlingsplan mot plastforsøpling

Plastforsøpling eit av våre største miljøproblem

Volda SV ynskjer ein handlingsplan mot plastforsøpling, og tek dette opp i ein interpellasjon som vil verte lagt fram på neste kommunestyremøte, skriv lokalavisa Møre.

- Med alt det fokus som er på plast i desse tider, meiner vi det er rett tidspunkt å vise at Volda kommune også tek ansvar, skriv Gunnar Strøm i brevet til ordføraren der han varslar interpellasjonen.

Volda SV peikar på at plastforsøpling held på å verte eit av dei største miljøproblema våre.

- Vi fyller havet med små og store plastbitar; eit aukande problem både for dyrelivet og oss sjølve. Kvart år hamnar over åtte millionar tonn søppel i havet. Mellom 70 og 80 prosent av dette er plast, og problemet er at den ikkje forsvinn, heiter det i brevet som SV har sendt til ordførar Jørgen Amdam (Ap).

Volda SV ynskjer at ein handlingsplan skal vere klar innan utgangen av 2018.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender