vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(14.02.2018 - Kl. 13.15)

Treng større og meir avanserte gjenvinningsanlegg

Stortinget behandlar stortingsmelding om avfallspolitikk og sirkulær økonomi

Bransjesjef gjenvinning i Norsk Industri, Gunnar Grini, ser for seg ei utvikling mot større og meir avanserte gjenvinningsanlegg med kapasitet til å konkurrere om avfall regionalt, nasjonalt og nordisk.

Dette skriv han i eit debattinnlegg i siste nummeret av tidsskriftet Kretsløpet.

Det vert understreka at Norsk Industri ynskjer seg ei industriell utvikling av avfalls- og gjenvinningsbransjen.

Meir innovativ. Norsk Industri har som perspektiv at handtering av avfall skal skje på ein stadig meir innovativ og ressurseffektiv måte.

Skal ein få på plass større og meir avanserte gjenvinningsanlegg, vil det krevje store og langsiktige investeringar.

Debattinnlegget frå Gunnar Grini kjem i samband med at Stortinget om dagen behandlar stortingsmeldinga om avfallspolitikk og sirkulær økonomi.

Gir råd. Norsk Industri gir åtte råd. Det vert mellom anna peike på at gjenvinningsbransjen er ein del av ein internasjonalt råvaremarknad.

For at ressursane i avfallet skal kunne utnyttast effektivt, må avfallsråstoffet verte etterspurd i ein marknad.

Handel. Internasjonal handel med resirkulerte råvarer er derfor ein føresetnad for ein miljømessig fornuftig avfallspolitikk.

Dette gjeld uavhengig av om ein snakkar om returmetall, papp/papir, plast eller avfallsbrensle.

Krav om utsortering. Norsk Industri meiner vidare at vi må ut utnytte materialressursane i avfallet betre, og minner om at dei i ei årrekkje har bede om at det vert innført krav til utsortering av resirkulerbart avfall.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00



Tømekalender