vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(09.05.2017 - Kl. 09.21)

Uroa over dumping av avfall i naturen

Ber folk melde frå til kommunen om dumping av avfall i naturen

Sjølv om langt fleire har teke del i vårens ryddedugnad enn i fjor og det er samla inn langt meir avfall, likar leiaren for Naturvernforbundet i Volda og Ørsta, Knut Festø, det dårleg at på stader der det vart rydda svært grundig i fjor, var forsøplinga like ille berre eitt år etter.

Ei grov-oppteljing som Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) har gjort saman med Naturvernforbundet like etter den offisielle strandryddeveka og strandryddedagen, viser at det så langt i år er samla inn godt over 300 sekkar – og truleg ein heil del meir, i og med at mange som hadde meldt seg på enno ikkje hadde meldt inn mengde.

På same tid i fjor var det snakk om vel 200 sekkar. Knut Festø seier det er all grunn til å seie seg nøgd med ein auke på over 50 prosent.

Miljøkriminalitet. Saman med naturvernforbund-medlemmer deltok han på ein ryddedugnad sist laurdag, frå strekninga frå Andaneset i Volda til småbåthamna.

- Vi såg at langs strandlinja har det meste av avfallet vorte skylt bort av flo og fjøre og ver og vind. Men i dei bratte skråningane frå vegen og ned mot sjøen, låg det svært mykje avfall. Vi plukka til dømes opp hagestolar, bildekk, plastkanner, isoporkasser og nokre sekkar med hageavfall. Å kvitte seg med avfallet på denne måten er rett og slett miljøkriminalitet, seier ein litt oppgitt Knut Festø.

Stygg uvane. Han trur dessverre at å kvitte seg med avfall på denne måten, er ein sedvane som sit djupt hos mange.

- Det er ein stygg uvane å berre kaste avfallet utfor vegkanten. Eg er redd for at det vi sist laurdag fann i dette området, ikkje er det einaste eksemplet på slik miljøkriminalitet i Volda og Ørsta. Eg veit at det vert dumpa avfall utfor vegkanten på fleire andre stader i dei to kommunane, seier han.

Knut Festø vil oppmode folk som kjem over slik dumping til å melde frå til kommunen, som så i neste omgang må vurdere om dette er så alvorleg at det er grunn til å melde forholdet til politiet.

- Når så mange av innbyggjarane har slike haldningar om korleis ein kan verte kvitt avfall på ein lettvint måte, nyttar det dessverre lite å rydde opp. Eg vil samstundes minne om at vi i Volda og Ørsta i dag har gode og velfungerande avfallsordningar.

Derfor burde det vere heilt unødvendig å tippe avfall utfor vegkanten, seier Knut Festø, som likevel ser lyspunkt:

Ser håp hos dei unge.  - Eg er glad for at barn og unge har andre og betre haldningar enn mange eldre, og ser galskapen i ein slik praksis. Derfor har eg langt større tru på neste generasjon enn den generasjonen som eg sjølv høyrer til, seier han.

Han forklarar haldningar og uvanar til mange litt opp i åra med at det gjerne var små avfallsmengder då dei sjølve vaks opp, og at mykje dreia seg om organisk avfall. Dermed var det litt mindre problematisk å berre kaste det «bak nova».

- I dag er avfallet av ein heilt annan karakter, og det forsvinn ikkje av seg sjølv etter ei kort stund, forklarar Knut Festø.

Ser verdien av reine strender. Eit anna lyspunkt som han skimtar, er at han trur stadig fleire ser verdien av reine og fine strender og verdien av at vi kan ete rein mat som ikkje inneheld miljøgifter.

- Og då er det svært viktig at naturen er rein og at vi ikkje kastar avfall ut i naturen, understrekar leiaren for Naturvernforbundet i Volda og Ørsta, Knut Festø.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender