vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(24.11.2017 - Kl. 09.20)

Utviklinga går feil veg

Avfall Norge har sett temaet høgt på dagsorden

Avfallsrekneskapen for 2015, som Statistisk Sentralbyrå presenterte tysdag 21. desember, er ein tenkevekkjar. Den viser at avfallsmengdene framleis stig, og at ein mindre andel av avfallet går til materialgjenvinning og energigjenvinning.

Sjølv om det her dreiar seg om statistikk to og snart tre år tilbake i tid, er dette dårleg nytt med tanke på den forventa omlegginga frå tradisjonell lineær økonomi til det som økonomane kallar sirkulær økonomi.

Enkelt forklart dreiar det seg om at vi ikkje kan halde fram med å produsere store mengder varer og så berre kaste dei på søppelfyllinga etter bruk.

Vi må i stadig større grad reparere og bruke opp att ting, og vi må i alle fall bruke opp att råvarene som ligg i produkta så lenge som råd. Med andre ord må råvarene må gå inn i eit kretsløp slik at dei kan verte brukte opp att gang på gang.

Nasjonal målsetjing. Norge har hatt ei nasjonal målsetjing om at veksten i avfallet skal vere vesentleg mindre enn veksten i bruttonasjonalproduktet (BNP).

Avfallsrekneskapen viser at medan veksten i BNP i perioden frå 2012 til 2015 har auka med i overkant av sju prosentpoeng, har veksten i avfall i den same perioden vore på i overkant av åtte prosentpoeng.

Eit anna nasjonalt mål er at gjenvinning av ordinært avfall levert til godkjend handtering, skal vere på minst 80 prosent. I 2015 var den på 77 prosent, som er ein nedgang frå 80 og 81 prosent i 2012 og 2013.

I 2015 vart 36 prosent av alt ordinært avfall materialgjenvunne, medan 28 prosent vart rekna som energigjenvunne. Totalt vart 35 prosent av alt ordinært avfall sendt til forbrenning. Det gir ein energiutnyttingsgrad på 78 prosent.

Når ikkje måla. Utviklinga som vi kan lese ut av avfallsrekneskapen, betyr at vi her til lands verken møter eigne nasjonale avfallspolitiske mål, eller måla som Norge har plikta seg til gjennom EØS-avtalen. Eitt av måla som følgje av EØS-avtalen er at Norge har plikta seg til at 50 prosent av hushaldningsavfall skal materialgjenvinnast innan 2020.

På grunn av at det dessverre går feil veg, har Avfall Norge - bransjeorganisasjonen for avfalls- og gjenvinningsbransjen, sett dette temaet høgt på dagsorden.

Skuffande. Direktør Nancy Strand i Avfall Norge tykkjer avfallsrekneskapen viser ein skuffande trend. Ho seier at sjølv om nedgangen ikkje er dramatisk, er retninga feil.

- Vi skal resirkulere meir og ikkje mindre, understrekar ho.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender