vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
Jorunn Alfhild Bjørdal med diplom og katongkubben som vart trekt ut og førte til premie.
(29.09.2017 - Kl. 07.54)

Vann 10.000 kroner i Returkartonglotteriet

Provosert av dei som hevdar at det ikkje nyttar å sortere

Jorunn Alfhild Bjørdal har vunne 10.000 kroner i Returkartonglotteriet.

- Det er viktig å sortere, seier Jorunn som bur i Bjørdalen i Ørsta.

Ho vedgår at medan dei fire borna var mindre, var det nokre år at familien ikkje skylde, tørka og bretta saman seks kartongar og putta dei i den sjuande.

- Men då borna vart større, tok vi oss inn att. No er dette fast rutine, og det tek heller ikkje så mykje tid, seier ho.

Vert provosert. Jorunn Alfhild Bjørdal seier ho vert provosert når somme seier at det ikkje nyttar å sortere, og at dette utgjer så lite.

- Litt er langt betre enn ingen ting, seier ho.

I heimen hennar vert det i tillegg til drikkekartongar, sortert ut papir, papp, plast og glas- og metallemballasje.

Klar til matavfall. - Vi sorterte glas og metallemballasje lenge før vi fekk eigen avfallsdunk med gult lokk til dette, seier ho og legg til at familien er klar til å sortere ut matavfall når dette vert innført.

- Vi budde på Tingvoll tidleg på 90-talet, og har såleis erfaring med å sortere ut matavfall, seier ho.

Sidan 1997. Sidan 1997 har Grønt Punkt Norge arrangert Returkartonglotteriet. Kvart år vert det trekt ut 124 vinnarar som kan vinne ein pott på til saman 1,6 millionar kroner. Fire premiar er på 100.000 kroner og 120 på 10.000 kroner.

Nytt frå 2017 er at ein også kan delta med einskildkartongar, men her er det maksimale premiebeløpet på 10.000 kroner.

Kartongkubben som Jorunn Alfhild Bjørdal hadde skrive namn og telefonnummer på, vart trekt ut i haugen av papir, papp, plast og drikkekartongar som vart samla inn i regi av Volda og Ørsta Reinhaldsverk for nokre veker sidan.

Miljøet ein vinnar. – Å gjenvinne brukte kartongar er langt mindre energikrevjande enn produksjon av papir frå nytt trevirke. Derfor er gevinsten stor for miljøet, seier Gunnar Moen som er ansvarleg for Returkartonglotteriet i Grønt Punkt Norge.

Gjenvinning av drikkekartong er også med på å senke avgifta som er lagt på drikkevareemballasje, noko som i praksis betyr at prisen vert lågare for forbrukaren. Men det aller viktigaste er naturlegvis å gjenvinne for miljøet si skyld, understrekar han.

- Drikkekartong er laga av jomfrueleg fiber. Det betyr at det er første gong dette materialet er i bruk. Fibrane i ein innlevert drikkekartong kan ha opptil sju-åtte liv framfor seg, til dømes som pizza-kartong, forklarar han.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender