vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(05.05.2018 - Kl. 11.46)

Vesle Martine var med på strandrydding

Årets strandryddeaksjon har vore formidabel

Vesle Martine på fire månader var med då mor Hege og medmor Anita rydda i strandsona inst i Ørstafjorden laurdag 5. mai, i samband med den offisielle strandryddedagen i regi av Hold Norge Rent.

Hege Alsaker Flø og Anita Lilja Trollebø gjekk grundig til verks, og fann litt av kvart mellom steinane ikkje langt frå Røde Kors-klubbhuset i Strandgata.

Plast, taubitar, sneipar og emballasje var nokre av funna. Med andre ord gjenstandar som burde ha vore kasta i søppelbøtta i staden for i naturen.

Hege Alsaker Flø, som er leiar i Ørsta Røde Kors Friluftsliv og Førstehjelp, fortel at eit titals personar skulle ut og rydde strender og elveløp i løpet av laurdagen.

Dei har eigen båt som køyrde langs stranda for å leite etter søppel i sjøen.

Oppslutninga om årets strandryddeaksjon har vore formidabel. Ved inngangen til strandryddedagen hadde VØR registrert 73 ryddeaksjonar.

Og legg ein til eit par titals ryddeaksjonar i Volda og Ørsta som initiativtakarane sjølve hadde registrert på portalen til Hold Norge Rent, endar vi på tre gonger så mange ryddeaksjonar som i fjor.

Så langt har VØR teke imot over 5,2 tonn avfall som er samla inn.

Det er kjempebra!!


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12.00

Tømekalender