vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(13.03.2018 - Kl. 13.39)

Vil etablere skjergardsteneste i Møre og Romsdal

Fylkeskommunal deltaking vil bidra til langvarig drift

Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik er positiv til inititativet frå friluftsråda i Møre og Romdal om å få etablert ei skjergardsteneste i Møre og Romsdal, og vender tommelen opp for å inngå eit forpliktande samarbeid saman med kommunar og staten.

Hovudoppgåva vil vere praktiske driftsoppgåver som vedlikehald, skjøtsel, renovasjon, tilsyn og tømming av toalet, informasjon og haldningsskapande arbeid for dei som brukar skjergarden, og naturoppsyn etter retningslinjer frå Statens Naturoppsyn (SNO).

Ei slik etablering vil dermed kunne gi eit berre sjøbasert friluftstilbod til folk i Møre og Romsdal.

Marin forsøpling. Fylkesrådmannen peikar også på marin forsøpling som er eit eskalerande problem for kysten av Vestlandet. Store mengder plast kjem med hav- og fjordstraumane, og forureinar kysten vår.

Til møtet i kultur- og folkehelseutvalet onsdag 14. mars, innstiller fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik og fylkeskultursjef Heidi-Iren Wedlog Olsen på at fylkestinget løyver til saman 2,9 millionar kroner. Saka vert endeleg avgjort av fylkestinget på møtet 23. april.

Med verknad frå 2019 er det snakk om å løyve ei årleg ramme på inntil 400.000 kroner til drift av skjærgardstenesta. Men endeleg tildeling vil vere basert på erfaringstal frå inneverande år, som vil vere eit år der ein prøver seg fram.

Fylkesrådmannen understrekar at ein føresetnad for auka driftstilskot frå 2019, er at dei to friluftsråda til saman set av ei årleg driftsramme på minimum same nivå som det fylkeskommunale tilskotet.

Vidare innstiller dei to fylkesbyråkratane på at det vert løyvt inntil 2,5 millionar kroner til kjøp av ny båt og nytt driftsutstyr. Også her er det ein føresetnad at kommunane sitt samla bidrag er minst like stort, og i tillegg at staten bidreg i spleiselaget.

Det fylkeskommunale tilskotet skal vere avgrensa til 1/3 av dei samla kostnadene til investeringa, totalt 7,5 millionar kroner.

Til og med Hordaland. Skjergardstenesta vart etablert for Oslofjorden i 1992, for Sørlandet i 1996 og for Rogaland og Hordaland i 1997.

I statsbudsjettet for 2017 vart det løyvd 10 millionar kroner til utviding av tenesta, og av dette gjekk fem millionar kroner til Møre og Romsdal.

For 2018 løyvde Stortinget til saman 29,3 millionar kroner til skjergardstenesta, og av dette skulle 22,3 millionar kroner gå til dagens driftsområde.

Fem millionar kroner vart øyremerka utvinding av skjergardstenesta nord for dagens virkeområde, altså nord for Hordaland.

Drift på to millionar kroner. Dei to friluftsråda i Møre og Romsal, Sunnmøre Friluftsråd og Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, har skissert eit årleg driftsbudsjett på to millionar kroner.

Kommunane si deltaking i finansieringa av tenesta er tenkt gjort med omdisponering av medlemskontingenten dei betalar til friluftsråda.

Omdisponering lite tenleg. Fylkesrådmannen innvender at skal ei skjergardsteneste medverke til å vidareuvikle og auke dei tenestene friluftsråda gir, er det lite tenleg at det kommunale bidraget skjer gjennom at friluftsråda omdisponerer medlemskontingenten.

For Sunnmøre Friluftsråd er det i dag snakk om ein kontingent på 18,36 kroner per innbyggjar og for Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal 8,55 kroner.

Men til årsmøtet i Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal vil det kome forslag om å auke medlemskontingenten på nivå med Sunnmøre Frilfuftsråd, dette for å kunne drifte ei skjergardsteneste.

Må investere for åtte millionar. For å kunne kjøpe ny båt vil det vere behov for åtte millionar kroner. Finansieringsplanen som friluftsråda har skissert, går ut på at staten ved Miljødirektoratet går inn med fire millionar kroner og Møre og Romsdal fylkeskommune med tre millionar kroner.

Vidare at Sunnmøre Friluftsråd går inn med 100.000 kroner frå eigenkapitalen og i tillegg legg inn verdien av eksisterande båtar og utstyr som er stipulert til 600.000 kroner.

Friluftsrådet for Nordmøre og Romsdal skal gå inn med 500.000 kroner i form av eigenkapital og 100.000 kroner i form av verdi for eksisterande utstyr.

Når det gjeld innverande år, legg friluftsråda opp til at eksisterande båtar og utstyr vert brukt, og at ein i tillegg leiger større båtar til utvalde oppdrag.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00
Laurdag09.00 - 12:00

Tømekalender