Vil ha kartlegging og opprydding av ulovlege avfallsfyllingar
Kommunepolitikar Frida Gillberg frå Miljøpartiet har sendt interpellasjon til Ørsta-ordførar Stein Aam (Sp) der ho tek til orde for at det må lagast ein plan for opprydding av dei mange ulovlege avfallsfyllingane som er å finne i fleire skråningar langs vegane.
Mykje vert kasta. - Det ser ut til å vere regelen meir enn unntaket, at utkøyrsler og skråningar langs vegen vert nytta til å hive frå seg alt mogleg slags avfall, heiter det i interpellasjonen som er omtala i torsdagsutgåva av lokalavisa Møre-Nytt.
Gillberg opplyser at i samband med Miljøpartiet sine ryddeaksjonar siste tida, har dei kome over fleire sterkt forsøpla område langs ferdselsårane i Ørsta.
Svært skadeleg. - Plast på avvegar representerer eit alvorleg miljøproblem. Vi får stadig meir kunnskap om kor skadeleg plast, plastartiklar og mikroplast er til dømes for livet i havet. I tillegg korleis plasten etter kvart har gått inn i næringskjeda, slik at vi no finn han i maten og drikkevatnet vårt. Sett på bakgrunn av dette, er det avgjerande både i eit forureinings- og helseperspektiv, at all plasten som er på avvegar, vert samla og handtert på forsvarleg vis, skriv ho.
Hindre forsøpling. Frida Gillberg bed difor kommunen, gjerne i samarbeid med Volda og Ørsta Reinhaldsverk, setje i gang ein prosess med kartlegging og opprydding, i tillegg til tiltak for å hindre vidare forsøpling av naturen.