vor.no
Trykk ctrl + for å forstørre eller ctrl - for å forminske.
For mac: Trykk cmd + for å forstørre og cmd - for å forminske.
Sortert avfall gir verdi
 
 
(22.09.2017 - Kl. 07.57)

Vil mobilisere unge strandreddarar

Skal få fleire til å rydde strender for plast

Prøv å sjå for deg fronten på den store tanken full av fisk dekt til av remser med plastsøppel!

Det vert eitt av innslaga på Atlanterhavsparken i Ålesund laurdag 23. september der fleire aktørarar som jobbar for strandrydding prøver å få fart på ryddinga.

Skrekkscenarioet er at i 2050 kan det vere meir plast enn fisk i verdshava. Om det skulle bli så ille, vil fisken verte fortrengd og vi kan få eit alvorleg problem med matforsyninga.

Denne symbolske tildekkinga vil vere eit bilete på det som kan skje om vi ikkje ryddar opp og hindrar at så mykje plast hamnar på sjøen.

Men det er enno håp, om vi klarer å mobilisere mange unge strandreddarar som går i gang med å fjerne avfall frå strendene.

Å rydde litt strand vil det vere høve til også denne dagen. Det vert delt ut gjennomsiktige sekkar. Atlanterhavsparken har konteinarar der avfallet kan kastast.

Sunnmøre Friluftsråd, Plastfritt Giske, Ellingsøy Idrettslag og dei tre renovasjonsselskapa på Sunnmøre, ÅRIM, SSR og VØR, har gått saman om å skipa til ein familiedag for å setje søkjelyset på den omfattande plastforsøplinga til havs. Håpet er at det kjem barn og unge frå heile Sunnmøre.

Dei har igjen fått med seg Sparebanken Møre som sponsor, gjennom spareprogrammet for barn og unge, Havlandet.

Barn og unge i Giske er allereie i gang med å lage kunstferdige remser med plastsøppel som skal hengast opp framfor den store Atlanterhavstanken.

Før det tradisjonelle dykkarshowet med mating av fiskar, vil unge strandreddarar avduke tanken – og dermed ta oss tilbake til ein situasjon med reint hav slik vi vel alle ynskjer det skal vere.

Det vert ei rekkje aktivitetar i løpet av dei to timane arrangementet varer, mellom anna rebusløp og fiskekonkurranse – sjølvsagt med miljøvennlege premiar.

Utstillinga om plastforsøpling til havs, som dei tre renovasjonsselskapa fekk laga tidlegare i år, vert sett opp for at dei som kjem skal få kunnskap om problemet og dei utfordringane som vi står framfor..

Denne utstillinga var før ferien innom ei rekkje folkebibliotek på Sunnmøre, og skal i haust innom bibliotek på vidaregåande skular på Sunnmøre.

Sunnmøre Friluftsråd stiller med bålpanne og noko attåt.

Sjølvsagt kjem også den mest populære karen i ÅRIM – Mr. Boss. Han vil vandre rundt i lokalet og gi gode råd om korleis kvar og ein av oss kan bidra for at vi igjen skal få reint hav og reine strender.


Opningstider

Sjå alle
Mån - Fre
08.00 - 15.30
Tysdag
08.00 - 19.00


Tømekalender